Mjølk - Safon.org

Mjølk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Eit glas mjølk. (Foto: Stefan Kühn)
Eit glas mjølk. (Foto: Stefan Kühn)

Mjølk er namnet på væska som hopattedyr lagar for dei nyfødde ungane sine. Menneske drikk morsmjølk som barn, men mange drikk seinare òg mjølk frå andre dyr, særleg kyr, men òg frå mellom anna sauer, geiter, reinsdyr og jakar.

Mjølka frå kvar art har ulik samansetting, men har òg mange fellestrekk. Ettersom drikken skal gjeva styrke til småe pattedyr som skal vekse, er han svært næringsrik. Mjølk inneheld særleg proteinar og feitt — i tillegg til laktose, vitaminane A, B og D og mineral som kalsium og selen.

Feitt i mjølka dannar eit lag som vil flyte til topps om ho får stå. Dette laget blir gjerne skilt ut som fløyte.

Kvener i Vest-Finnmark mjølkar rein. (Foto teke før 1900)
Kvener i Vest-Finnmark mjølkar rein. (Foto teke før 1900)

Innhaldsliste

[endre] Behandling

I dag er det vanleg å behandle mjølk på meieri før ho blir seld. Ho blir ofte separert i skummamjølk og fløyte, pasteurisert, standardisert og homogenisert. På meieria foredlar ein òg mjølk til ulike mjølkeprodukt. Tidlegare skjedde behandlinga av mjølk på gardane der ho vart laga, men no er dette ganske uvanleg.

Ein separator blir bruka for å skilje fersk mjølk i skumma mjølk og fløyte. (Foto: Stanislav Jelen)
Ein separator blir bruka for å skilje fersk mjølk i skumma mjølk og fløyte. (Foto: Stanislav Jelen)

[endre] Bruk

Fersk mjølk kan drikkast åleine eller i ulike drikkar, som bi- eller hovudingrediens. I milkshake og kakao er mjølka viktig, mens det er valfritt om ein vil ha ein liten skvett oppi teen eller kaffien sin.

Mjølk og mjølkeprodukt er òg viktige i matlaging, for eksempel i graut, puddingar og kaker med krem.

[endre] Mjølkeprodukt

Is er eit populært mjølkeprodukt.
Is er eit populært mjølkeprodukt.
  • Ved å tilsette ulike bakteriekulturar kan ein laga rømme, kvarg, jogurt og kefir.
  • Ved å riste eller piske fløyte får ein krem og smør.
  • Ved å få mjølka til å skilje seg kan ein få fram eit utal ulike ostetypar.

[endre] Helse

Det er omstridd om kumjølk er bra for menneske, og mange reagerer på laktose eller mjølkeprotein. Alternativ til mjølk frå dyr blir laga av blant anna ris, soya, mandlar og havre. Fersk geitemjølk skal også vera bra, særleg for nyfødde som ikkje kan få morsmjølk.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy