Minnesmerke for kristiansundsjødane - Safon.org

Minnesmerke for kristiansundsjødane

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Eit minnesmerke for jødane frå det jødiske samfunnet i Kristiansund som omkom under holocaust vart avduka søndag 29. juni 2003. Bronsestatuen på sokkel av fjøresteinar frå Klubba er laga av bildehoggar Tore Bjørn Skjølsvik. Minnesmerket er finansiert ved privat innsamling, gåver og støtte frå Kristiansund kommune.

Bakgrunn: Føre andre verdskrigen var KristiansundNordmør blant dei byane i Noreg som hadde størst andel jødiske innbyggjarar. Medlemmene av det litle men aktive jødiske samfunnet i Kristiansund, som hadde eiga kvinneforeining, synagogelokale (i Arbeidersamfunnet) og eigen rabbinar, var hovudsakleg av litauisk/latvisk- og polsk-jødisk herkomst. Med Nazi-Tysklands okkupasjon av Norge 9. april 1940 vart det slutt på det stort sett trygge livet for kristiansundsjødane — først med tysk terrorbombing av Kristiansund, og seinare med antijødiske lovar, og hausten 1942 med arrestasjonar og deportasjon av alle jødar nazistane greidde å finne. I alt 18 medlemmer av familiane Borøchstein, Fischer, Granstein og Hirsch vart deporterte av nazistane og drepne i gasskammera i Auschwitz den 3. mars 1943.

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy