Minján
Frå Safon.org
Ein minján (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) er i vanleg rabbinsk jødedom eit uttrykk for ei samling av minst ti jødar over bar miṣvá- eller bat miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i synagogen) eller i ei gruppe utandørs. I Israel fram til korsfarartida var skikken å rekne sju som minján (Massékhet Soferím 10).
Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minján — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Det følgjande er eit oversyn over slike handlingar:
- Barekhú
- Kaddísj
- Repetisjon/høgtlesing av ngamidáen med Kedusjá
- Birkàt kóhaním
- Kirjàt Torá (offentleg lesing av vekeavsnittet av Toráen (Mosebøkene))
- Kirjàt haftará (offentleg lesing av vekeavsnittet av Nebiím (Profetane))
- Kirjàt megillàt Estér (offentleg lesing av Estérs bok på purím)
- Sjébang berakhót lenisuín (resitasjon av dei fem bryllaupssigningane)
- Zimmún besjém (inkludere “Adonái” i innleiinga åt Birkàt hammazón)
- Birkàt haggomél (takkseiing etter sjukdom og andre risikable situasjonar) (Berakhót 54b; basert på Davidssalme 107, v. 32)
- Kirjàt megillàt Estér utanom purím når formålet er å gjera kjent purím-underet. (Megillá 5a)
- Martyrium (Sanhedrín 74a; basert på 3Mos 22:32)
[endre] Kvinner og minján
Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert. I vår tids ortodokse jødedom, særleg blant asjkenazím er det vanlegast at ein berre tel menn og gutar over tretten år i minján i alle samanhengar. I rekonstruksjonistisk jødedom og progressiv jødedom, og delvis òg i masorti jødedom, er den stadig meir utbreidde skikken sidan midten av 1900-talet at både kvinner og menn blir talde med i minjánen. Sidan 1980-åra har dette òg vore det vanlegaste i masorti jødedom.
[endre] Andre tydingar
Ordet minján blir òg ofte bruka om ei gruppe som ofte kjem saman for å halde gudstenester. I ein synagoge og/eller ei jødisk meinigheit kan det vera fleire slike minjaním. I ein del synagogar har ein separate asjkenaziske og sefardiske minjaním, separate ortodokse og masorti minjaním eller liknande. Når ei slik gruppering driv fleire felleshandlingar enn berre gudstenester blir dei gjerne organiserte som ein ḥaburá.
