Midt-Noreg
Frå Safon.org
|
i Noreg
|
Midt-Noreg er ein norsk landsdel som omfattar trønderfylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, i tillegg til Møre og Romsdal fylke, særleg Nordmøre og Romsdal, og til tider sørlege deler av Nordland. Historisk sett har landsdelen bakgrunn i den rettslege eininga Frostating lagdømme, som inkluderer Trøndelagsfylka og heile Møre og Romsdal, og den geistlege eininga Nidaros bispedømme, som inkluderte Trøndelagsfylka, Nordmøre og Romsdal inntil Møre bispedømme vart oppretta i 1983.
Samarbeidsorganet Byer i Midt-Norge (BIMN) inkluderer byane Kristiansund på Nordmøre; Røros, Orkdal og Trondheim i Sør-Trøndelag; og Stjørdal, Levanger, Verdal, Steinkjer og Namsos i Nord-Trøndelag.
Innhaldsliste |
[endre] Offentleg administrasjon
[endre] Felles for Trøndelag og Møre og Romsdal
- Frostating lagdømme
- Helse Midt-Noreg
- Arbeidstilsynet Midt-Noreg
- Skatt Midt-Noreg [1]
- Statens vegvesen, region midt [2]
- Utlendingsdirektoratet, regionkontor Midt-Norge [3]
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Midt-Norge [4]
- Kystverket Midt-Norge [5]
[endre] Annan inndeling
- NVE Region Midt dekkjer Helgeland, Trøndelag og Nordmøre [6]
[endre] Organisasjonar
- Kreftforeningen, Seksjon Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [7]
- Norges Motorsportforbund, Region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [8]
- Operasjon Dagsverk Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [9]
[endre] Næringsliv
- SpareBank1 Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Nordmøre[10]
- AOF Mid-Norge dekkjer Trøndelag, og AOF Møre og Romsdal dekkjer Møre og Romsdal [11]
- TINE Midt-Norge dekkjer Trøndelag, Nordmøre og Romsdal, og i tillegg Bindal [12]
- OIKOS Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [13]
- Husbanken, region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [14]
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Midt-Noreg» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
