Michael Melchior - Safon.org

Michael Melchior

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Michael Melchior.Foto:«Yoli»
Michael Melchior.
Foto:«Yoli»

Michael Melchior (f. 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet).

Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fekk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nyleg framleis var overrabbinar.

Sidan 1985 har Michael Melchior og familien hans hovudsakleg budd i Israel. I 1999 vart han vald inn i Knesset som representant for Meimad og han vart attervald i 2003. Sidan 1999 har han vore minister for det israelske samfunnet og for det jødiske verdssamfunnet. I perioden frå 1999 til 2002 var han i tillegg viseutanriksminister.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Michael Melchior» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy