Michael Lerner
Frå Safon.org
Michael Lerner er ein jødisk fornyingsrabbinar, politisk aktivist og redaktør av det venstreorienterte tidsskriftet Tikkun. Han var leiaren av den vidkjende anti-Vietnamkriggruppa Seattle Liberation Front (òg kjend som «The Seattle Seven»). Dei høgprofilerte og politisk svært venstreorienterte synspunkta hans blir oppfatta som svært kontroversielle av mange innanfor meir høgreorienterte jødiske krinsar. I samband med dette blir ofte statusen hans som rabbinar trekt i tvil, sjølv om han fekk denne ved semikhá (personleg ordinasjon) frå rabbinar Zalman Schachter-Shalomi — ein rabbinar med semikhá frå Ḥabadrørsla.
Innhaldsliste |
[endre] Religiøst syn
I jødisk meinigheitssamanheng er Lerner talsmann for Jewish Renewal-rørsla — ei rørsle han skildrar som «positiv jødedom» som avviser «etnosentriske» haldningar som han hevdar er utbreidde i andre jødiske grupper. Publikasjonane hans talar for «ei ansvarleg haldning til verda» blant jødar, muslimar og kristne.
[endre] Politisk syn
[endre] Syn på sionismen
Lerner er erklært sionist, men har kritisert sterkt visse aspekt av den mest konvensjonelle politiske sionismen. Han meiner at denne i for stor grad byggjer på jødisk nasjonalisme gjennom å nekte palestinarane si historie til fordel for arbeidet for ein sterk jødisk stat. Mange politiske sionistar reknar Lerner som ein antisionist.
Lerner og the Tikkun Community er mot israelsk kontroll over Gaza og Vestbreidda; dei meiner at Israel bør vera heimlandet for både jødar og palestinarar i ein felles einskapsstat — det vil seie at alle palestinarar ville få israelsk statsborgarskap. Dette ville føre til eit palestinsk fleirtal, og kritikarane hans peiker på at dette ville øydelegge mulegheita for Israel å eksistere som verdas einaste jødiske stat. Inntil ein slik einskapsstat blir politisk muleg, støttar Lerner tostatsløysinga Israel/Palestina.
[endre] Syn på venstre-antisemittisme
Lerner har òg uttalt seg svært kritisk om venstreorienterte antikrigsgrupper der det frå 1980-åra av har vorte stadig vanlegare med ope antisemittiske talemåtar, påstandar og krav. Nyleg kritiserte Lerner den nystalinistiske gruppa International ANSWER og hevda at avgjersla deira om å nekte honom å tala under demonstrasjonane deira mot invasjonen av Irak i 2003 kom av at han er ein erklært talsmann for eksistensretten til Israel.
[endre] Bibliografi
- 1994 – Jewish Renewal: A Path to Healing and Transformation. Putnam Adult, 1994. ISBN 039913980X (ib.)
- 1997 – Health, Healing and Beyond : Yoga and the Living Tradition of Krishnamacharya. Aperture, 1997. ISBN 0893817317 (ib.)
- 2000 – Spirit Matters. Walsch Books, 2000. ISBN 157174195X (ib.)
- 2003 – Healing Israel/Palestine: A Path to Peace and Reconciliation. North Atlantic Books, 2003. ISBN 1556434847 (hf.)
- 2006 – Left Hand of God, The : Taking Back Our Country from the Religious Right. HarperSanFrancisco 2006. ISBN 0060842474 (ib.)
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer ut
- The Tikkun Community
- Tidsskriftet Tikkun
- «From What Is to What Ought to Be : An interview with Michael Lerner» av Andrew Cohen
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
