Megillàt Antijjokhós
Frå Safon.org
|
I tidlegare tider var det svært vanleg blant sefardím å lesa Megillàt Antijjokhós (òg kjent som Megillàt haḥasjmonaím) under ḥanukká — ein skikk som i vår tid for det meste berre er heldt oppe av yemenittiske jødar.
Megillàt Antijjokhós er ei relativt kort bok (ca 70 vers) som helst blir tilskriven Bét Hillél og Bét Sjammái kring den siste tida at Det andre tempelet i Jerusalem stod. Basert på språklege særdrag har boka vorte datert til tida kring år 170 av den moderne tidsrekninga. Sangad’já Gaón sin teori om at boka vart skriven av dei fem sønene av Mattit’já ben Yoḥanán er lite sannsynleg. Boka vart opprinneleg skriven på arameisk, men finst òg i tidlege hebraiske omsettingar, så vel som i arabisk språkdrakt, omsett av Sangad’já Gaón. Sangad’já Gaón delte òg boka inn i vers og la til vokalteikn og tengamím (kantillasjonsteikn) i den opprinnelege arameiske teksten.
[endre] Lenkjer og kjelder
- Mail-Jewish, Vol. 30, No. 37 – Inneheld blant anna innlegg frå Sheri & Seth Kadish og Mike Gerver om Megillàt Antijjokhós, og dessutan noko informasjon om Megillàt Jehudít.

