Matvarer for pesaḥ
Frå Safon.org
|
Kva matvarer som er tillatne for pesaḥ (jødisk påske) varierer noko mellom ulike jødiske grupper. Det grunnleggande trekket som er felles for alle er at all ḥaméṣ — det vil seie syrna eller gjæra mat av dei fem kornslaga (kveite, spelt, vanleg bygg, toradsbygg og rug — er forboden både å eiga og å eta alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar.
Dei fleste tradisjonelle asjkenazím, og i seinare hundreår mange europeiske sefardím òg, avstår frå å eta kitnijjót (belgvekstar, særleg i tørka tilstand) under pesaḥ på grunn av at mjøl av desse belgvekstane (slik som ertermjøl) kan komma til å bli forveksla med mjøl av dei fem kornslaga. Merk likevel at kitnijjót ikkje i seg sjølv er ḥaméṣ; det er ikkje noko forbod mot å eiga kitnijjót under pesaḥ, og det er tillate for alle å eta ein matrett der ein ikkje enkelt kan skilje ut kitnijjót, så lenge dei er batél barób — det vil seie at under halvparten av retten (f.eks. 49 %) er kitnijjót.
Meiningane om ris er delte. Dei fleste sefardím et ris under pesaḥ, men asjkenazím reknar ris til kitnijjót, som dei avstår frå å eta.
Innhaldsliste |
[endre] Frukt og grønt
JA:
- All frisk og tørka frukt og grønsaker utan tilsetningsstoff.
[endre] Egg, meierivarer og fisk
JA:
- Friske egg.
- Mjølk frå vanlege meieri.
- Smør frå TINE.
- Fersk eller frosen, heil fisk utan tilsetningsstoff.
[endre] Potet (alle)
- JA:
- Potetmjøl
[endre] Ris og mais (berre sefardím)
JA (sefardím):
- Ris
- Rismjøl
- (IKKJE «enriched rice», ettersom denne ofte inneheld kveite)
- Mais
- Maismjøl
- Maisstivelse
- Polentagryn
- Popkorn
- ORGRAN Lasagne mini sheets (gluten free - wheat free)
[endre] Havre
- BJØRN havregryn store glutenfri
[endre] Kitnijjót (berre sefardím)
- Friske erter og bøner og andre belgvekstar. Peanøtter (jordnøtter).
- Nokre, men ikkje alle, sefardiske grupper tillèt tørka belgvekstar, slik som erter, bøner, kikerter, linser o.a.
[endre] NEI
- Alt brød som ikkje er sertifisert glutenfritt.
- Alle ferdigprodukt som inneheld kveite (inkl. emmer), spelt (dinkelkorn, einkorn), bygg og rug og som ikkje er spesifikt sertifiserte for pesaḥ. (Havre er ikkje ḥaméṣ i seg sjølv, men inneheld ofte innblanding av bygg i praksis.)
- Eddik som ikkje er spesielt merka kasjér for pesaḥ, ettersom eddik ofte er basert på malt, eit gjæra byggprodukt.
- Merk at butikkselde flatbrød produserte i Noreg ikkje er avgrensa til 18 minutts produksjonstid; derfor er desse ḥaméṣ etter halakhá.
Kategoriar: Pesaḥ | Q | Kasjrút
