Matføreskrifter for pesaḥ - Safon.org

Matføreskrifter for pesaḥ

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Pesaḥ

Maṣṣá sjemurá.

Bedikàt ḥaméṣ
Førebuing til Haggadáen


Haggadá:
Kaddésj urḥáṣ
karpás jáḥaṣ
.
Maggíd ráḥaṣ
   moṣí maṣṣá
.
Marór korékh,
sjulḥán ngorékh.
Ṣafún barékh,
   hallél nirṣá


Songar:
Ki lo naé · Mi eḥád jodéang · Addír Hu Ḥad gadjá ·
S: Mossé salió de Miṣráyim · Mossé, Mossé · Bendigamos · Quien supiese
A:


Mat:
matføreskrifter · matvarer
karpás · maṣṣót · zeróang · beṣá · marór · ḥaróset
S: rosinvin · mina de maṣṣá · codrero al horno
A: gefillte fish · matse-brei

Innhaldsliste

[endre] Når det er pésaḥ et vi usyra mat

Gjæra mat og mat som kan komma til å gjære — det vil seie kveite, rug, bygg, toradsbygg og spelt (dinkelkorn, emmer, einkorn) åleine eller i blanding med gjær eller surdeig — skal ikkje brukast eller eigast under dei 8 dagane av pesaḥ. Dette er til minne om utgangen av Egypt, da oppbrotet skjedde så raskt at det ikkje var tid til å late brødet heva seg.

[endre] Bedikàt ḥaméṣ (leiting etter syra mat)

Før pesaḥ skal ein rydde all ḥaméṣ (syra mat) or huset, og ein skal vaske grundig for å fjerne restane. Dei mjølvarene ein har att er det mange stader skikk at ein sel for ein symbolsk sum til ikkje-jødiske naboar, for så eventuelt å kjøpe dei att etter pesaḥ.

Rett før pesaḥ begynner, leitar ein etter ḥaméṣ. Ḥaméṣ er all mat som inneheld nokre av dei fem nemnde kornslaga og som ikkje er spesifisert kasjér for pèsaḥ.

Oppvaskkummen og andre flater som kjem direkte i kontakt med mat blir gjort kasjér f.eks. med kokande vatn.

Det er vanleg å ha eigne sett av koppar og kar og bestikk for pesaḥ.

[endre] Usyra brød, eller maṣṣá

Det usyra brødet blir oftast kalla maṣṣá. Det kan òg skrivast massá, matzah, matza, matzo, matzoh m.m. Tradisjonell sefardisk uttale er masSÁ maTSÁ, jiddisch uttale er MAtse, og aškenazisk hebraisk uttale er maTSÓ eller MAtso. Fleirtalsforma er maṣṣót (ashkenazisk uttale matsos eller MATSes).

Enkelt sagt svarar maṣṣá til flatbrød. Det inneheld aldri gjær, bakepulver eller surdeig. Kornet ein brukar til maṣṣót er kveite (hvete) (eller eit eller fleire av dei andre nemnde kornslaga), og det må bli handsama på ein slik måte at ein ikkje får nokon grad av fuktskade frå kornet er på åkeren til maṣṣáen er steikt. Dette fordi fuktskada korn gjærar.

Basisingrediensane er kveitemjøl og vatn. Kveitemjølet er tradisjonelt fint, men grovkveite (sammalt kveitemjøl) kan like gjerne bli bruka så lenge kornet har vore rett lagra. I tillegg har ein ofte salt i.

Mjølk eller smør blir ikkje bruka — heller ikkje til smøring. Dette fordi brødet skal kunna brukast til kjøtmåltid.

Deigen blir kjevla ut til flate leivar, gjerne prikka med f.eks. ein gaffel for å unngå luftblærer, og steikt (i bakaromn eller på takke) med éin gong. Når ein bakar maṣṣót, så skal det aldri gå meir enn 18 minutt frå mjølet kjem i kontakt med væska til brødet blir steikt. Blir deigen liggjande lenger, risikerer ein at soppsporar frå lufta infiserer deigen og sett i gang gjæring.

Frå når maṣṣáen er steikt, reknar ein han som kasjér for pèsaḥ om alt har skjedd på rett vis.

I dag blir maṣṣót stort sett produserte av store og/eller spesialiserte matprodusentar (Manischevitz, Streit's, osv.), så ein bakar sjeldan maṣṣót sjølv.

[endre] Ris og kitnijjót

Belgvekstar, ris og mais går under fellesnamnet kitnijjót (qitniyyót, kitniot, kitnios) og blir bruka under pesaḥ av dei fleste sefardím. Blant asjkenazím brukar ein tradisjonelt ikkje kitnijjót — fordi nokre former av kitnijjót liknar på ḥaméṣ, og ein kan risikere å blande dei ved eit uhell.

Personlege verktøy