Massékhet Berakhót 9 - Safon.org

Massékhet Berakhót 9

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Talmúd · תַּלְמוּד
Misjná · מִשְׁנָה
Berakhót · בְּרָכוֹת
 1  2  3  4  5
 6  7  8  9  


Innhaldsliste

[endre] Massékhet Berakhót 9

[endre] Massékhet Berakhót 9:1

Den som ser ein stad der under var gjorde åt Jisraél seier: «Velsigna (...) som gjorde under for foreldra våre på denne staden;» på ein stad i landet Jisraél der stjernedyrking vart rykt opp med rota seier: «Velsigna (...) som rykte stjernedyrking opp med rota or landet vårt.»

[endre] Massékhet Berakhót 9:2

Over kometar [inkl. stjerneskot (meteorar)] og over jordskjelv og over lyn og over tore og over stormar seier ein: «Velsigna (...) som krafta og makta åt fyller verda.» Over fjella og over høgdedraga og over vatna og over elvane og over ørkenane seier ein: «Velsigna (...) Makaren av Skaparverket.» Rebbí Jehudá seier: «Den som ser Storhavet [= Middelhavet] seier: ‘Velsigna (...) som laga Storhavet;’ — på tider som ein ser dette med mellomrom [dvs. når ser det att etter at ein ikkje har sett det på tretti dagar.].» Over regnet og over godt nytt seier ein: «Velsigna (...) som er god og gjer godt.» Og over dårleg nytt seier ein: «Velsigna (...) dommaren over sanninga.»

[endre] Massékhet Berakhót 9:3

Har ein bygd eit nytt hus eller kjøpt nye ting seier ein: «Velsigna (...) som heldt liv i oss (og heldt oss oppe og lét oss nå denne tida).» Ein signar over vondt same kva godt det fører med seg, og over godt same kva vondt det fører med seg. Den som bed om det som allereie har skjedd — sjå, dét er bøn i utrengsmål. Korleis? Var kona hans med barn og han sa: «Vere det [Guds] vilje at kona mi føder ein son!» sjå, dét er ei bøn i utrengsmål. Kom ein langs vegen og høyrde lyden av skrik i byen og sa: «Vere det [Guds] vilje at dette ikkje er frå hushaldet mitt!» sjå, dét er ei bøn i utrengsmål.

[endre] Massékhet Berakhót 9:4

Den som kjem inn i ein kerákh [= borg, by med bymurar] bed to gonger — éin på veg inn og éin på veg ut att. Ben Ngazzái seier: «Fire: To på veg inn og to på veg ut att, og gjev takk for det som har skjedd og bønfell for framtida.»

[endre] Massékhet Berakhót 9:5

Eit menneske er pliktig å signe over det vonde på same viset som det signar over det gode — som det er sagt: «Og du skal elske H’ din Elohím med heile hjarta ditt og med heile sjela di og med all makta di.» (Debarím (5. mos.) 6:5) «Med heile hjarta ditt»: Med dei to sidene dine — med den gode sida og med den vonde sida. «Og med heile sjela di»: Endatil om Han tek sjela di. «Og med all makta di»: Med alle dine eignelutar. Eit anna ord er: «Med all makta di»: Etter kvart eit vis Han måtte handsama deg på, gjeve du Honom enda storleg takk.

Ikkje skal mennesket fara med lettsinna hovud ved austporten, for denne rettar seg mot Huset åt det Aller Heilagaste. Ikkje skal ein gje seg inn på Tempelhøgda med staven sin eller med skorne sine eller med pengebeltet sitt eller med støv på føtene sine; og ikkje skal ein gjera det til ein snarveg; og at ein ikkje skal spytte der kan utleiast «frå det lette til det tunge».

Alle fullførarar av signingar som var i Tempelet bruka å seie: «min-hangolám» (frå æva); [men] frå da ṣadukkéarane [eller dei fråfalne] forfalska og sa: «Ikkje finst noka verd anna enn denne,» vart det lagt til at dei skulle seie: «min-hangolám vengád hangolám» (frå æva og til æva).

Og dei la [òg] til at mennesket skulle helse frenden sin med Namnet — som det er sagt: «Og sjå, Bóngaz kom frå Bét-Léḥem og sa åt skurdfolka: ‘H’ ngimmakhèm!’ (H’ vere med dykk!)» og dei sa åt honom: ‘Jebarèkhekhá (H’)!’ (Signe deg H’!) (Rut 2:4) og det står: «H’ vere med deg, du stormann av krafta!» (Sjofetím (Domarane) 6:12) og det står: «Og spott ikkje mor di av di ho er gammal!» (Misjlé (Ordtøka) 23:22) og det står: «[Det er] tid for handling for H’; ugyldig gjorde dei Læra Di.» (Tehillím (Davidssalmane) 119:126) (Rebbí Natán seier: «Ugyldig gjorde dei læra Di, difor [er det] tid for handling for H’.»)

Selík massèkhet «Berakhót» | סְלִיק מַסֶּֽכֶת בְּרָכוֹת | Slutten av traktaten «Berakhót»


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zerangím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kilájim · Sjebingít · Terumót · Mangasrót · Mangasér sjení · Ḥallá · Ngorlá · Bikkurím ·

Seder Mongéd (høgtid):

Sjabbát · Ngerubín · Pesaḥím · Sjekalím · Jomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Tanganít · Megillá · Mongéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinner):

Jebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣingá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebungót · Ngedujjót · Ngabodá zará · Abót · Horajót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (heilage ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · Ngarakhín · Temurá · Keritót · Mengilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinskap):

Kelím · Ohalót · Negangím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Jadájim · Ngokaṣín

Personlege verktøy