Massékhet Berakhót 3
Frå Safon.org
| Talmúd · תַּלְמוּד Misjná · מִשְׁנָה Berakhót · בְּרָכוֹת | ||||||||||
|
Innhaldsliste |
[endre] Massékhet Berakhót 3
[endre] Massékhet Berakhót 3:1
Den som har ein daud (slektning) framføre seg er frigjeven frå å lesa Sjemáng og frå tefillá (= ngamidá) og frå tefillín. Den som ber båra og dei som tek over beringa og dei som tek over etter desse att — dei (som er) framføre båra og dei (som er) etter båra. Dei som er framføre båra som er pliktige (til bera) er fritekne (frå Sjemáng, tefillá (= ngamidá) og tefillín), og dei som båra ikkje er ei plikt for, dei er pliktige (til Sjemáng og tefillín). (Men) båe desse er fritekne frå tefillá (= ngamidá).
[endre] Massékhet Berakhót 3:2
Når dei har gravlagt den daude og er på veg attende: Om dei kan begynna og fullføre føre dei møter rekkja [av folk som er møtte opp for å kondolere], så lat dei begynna; og om ikkje, så lat dei ikkje begynna. Dei som står i rekkja: Dei som står inst [= nærmast dei sørgjande] er fritekne, og dei som står ytst er pliktige.
[endre] Massékhet Berakhót 3:3
Kvinner og slavar og mindreårige er fritekne frå å lesa Sjemáng og frå tefillín, og dei er pliktige til å lesa tefillá og for mezuzá og for Birkàt hammazón.
[endre] Massékhet Berakhót 3:4
Den som hadde utløysing tenkjer på [Sjemáng] i hjarta sitt, men seier ikke signingane føre og ikkje signingane etter. Og under måltid seier han signinga etter, men ikkje signinga føre. Rebbí Jehudá seier: «Han seier signingane føre dei [= Sjemáng og måltid] og etter dei.»
[endre] Massékhet Berakhót 3:5
Om han stod i tefilláen [= ngamidáen] og hugsa at han hadde utløysing, treng han ikkje [å avbryte bøna,] anna enn å avkorte [= lesa første og siste del av kvar signing, utan midtdelen].
Han gjekk ned [til mikvéen] for tebilá [= rituelt bad]: Om han kan komma opp og dekkje lekamen sin og lesa føre soloppgang [etter utløysing same natta], så kjem han opp og dekkjer lekamen sin og les; og om ikkje, dekkjer han seg med vatnet og les. Men han må ikkje dekkje seg med dårleg vatn, og ikkje med linbløytingsvatn føre han tilset vatn til det.
Og kor langt unna dei [= uuttynna dårleg vatn, inkludert urin] og frå ekskrement [av menneske] skal ein vera [når ein seier Sjemáng]? Fire ammót [= alen].
[endre] Massékhet Berakhót 3:6
Ein som har gonorré og hadde utflod og ei menstruerande som skilde ut mannleg sæd og ei kvinne som ser [noka mengd av menstruasjon] medan ho har kjønnsleg omgang er pliktige til tebilá. Men rebbí Jehudá fritek dei [frå tebilá].
