Marta Steinsvik - Safon.org

Marta Steinsvik

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Marta Steinsvik, f. Tonstad (18771950) var ein norsk forfattar, omsettar, målkvinne og første kvinna uteksaminert som teolog ved Menighetsfakultetet.

Marta Tonstad vart fødd på garden Skjeggestad i Bakke sokn ved Flekkefjord den 23. mars 1877. Faren Torkell Tonstad var fødd i Sirdal, men var den tida lærar i Flekkefjord. Han eigde òg garden Skjeggestad, og her var Marta til ho var tre år gammal. Mora Ingeborg var òg frå Tonstad, og begge var av svært gamle bondeætter.

I 1894 tok ho til å skrive i avisa Den 17de Mai, som hadde teke til å komma ut same året.

Den 16. mai 1896 gifta ho seg med Rasmus Olai Steinsvik, som var ein av mennene bak bladet Den 17de Mai.

I 1910 vart ho redaktør for tidsskriftet Kringsjaa. Ho var språkmektig og omsette mange bøker til nynorsk. Blant anna omsette ho Jean d’Arc av Louis de Conte frå 1905 og Quo vadis? (Kvar gjeng du?) av Henryk Sienkiewicz frå 1903. Frimodige ytringer kom i 1946 og handla om landssvikoppgjeret etter andre verdskrigen.

[endre] Lenkjer

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License.
Personlege verktøy