Mandelkake
Frå Safon.org
|
Allergiinformasjon: Denne sida inneheld ei eller fleire oppskrifter som inneheld mandlar, ei råvare som kan utløyse svært alvorlege allergiske reaksjonar til og med i svært småe mengder hos ein del menneske. |
Mandelkake
[endre] Oppskrift
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar:
250 g mandlar 250 g melis 6 eggekvitar
Framgangsmåte:
Tørk og mal mandlane, bland dei så med melisen. Stivpisk eggekvitane og bland dei forsiktig med mandlane og melisen. Ha i form og steik i ikkje for varm omn i ca 45 minutt.
