Malmö synagoga - Safon.org

Malmö synagoga

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Synagogen i Malmö
Synagogen i Malmö

Malmö synagoga, eller Synagogen i Malmö, vart teikna av den lokale arkitekten John Smedberg og oppført og innvigd i 1903. Synagogen, som er den einaste i Malmö, er ein av dei få attståande synagogane i Europa som er bygd i nymaurisk stil, ettersom dei fleste av desse vart øydelagt under Krystallnatta natt til 10. november 1938. Ytterveggene i synagogen er pryda av lotusblomstrar, og talet åtte blir oppatteke i dekoren. Tempelet i Jerusalem vart helga i åtte dagar.

Ved innviinga av synagogen i Malmö var han Malmös første ikkje-kristne gudstenestelokale. Krav frå meinigheita da synagogen skulle byggjast var rom for 200 personar, bustad for vaktmeisteren, og ein mikvé (eit rituelt bad). Sluttsummen for oppføringa vart kring 65 500 kroner i datidas pengeverdi, som svarar til kring 3 millionar kroner i dag. Da synagogen fylte 100 år vart ei jubileumsbok utgjeven, Templets sten föll på Föreningsgatan. Malmö synagoga 100 år, skriven av Jan Mark og Claes Fürstenberg og med bilde av Merja Diaz.

Synagogen er open for studiebesøk etter avtale.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Synagogen i Malmø» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy