Mal:Pesaḥ - Safon.org

Mal:Pesaḥ

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Påskemåltid blant nederlandske sefardím.

Pesaḥ (hebr. פֶּסַח ['pesaḥ]), òg skrive pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán — månaden som i bibelsk tid vart kalla abíb. I 2008 varar pesaḥ frå solnedgang laurdag 19. april til solnedgang søndag 27. april. (I Israel og i progressiv jødedom avsluttar ein pesaḥ ved solnedgang på laurdag 26. april.) Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesaḥ varar. For å unngå ulovleg mat, kjøper ein berre spesielle matvarer for pesaḥ som er garantert frie for dei fem kornslaga anna enn i form av maṣṣót.

Den første kvelden, og oftast òg den andre, held ein eit spesielt påskemåltid med symbolske matretter som karpás (selleri eller andre grønsaker), maṣṣót (flatbrød), marór (bitre urter), zeróang (lammebein), beṣá (eit grilla egg) og sausen ḥaróset (òg kalla dukká) — ein saus som skal minne om mørtelen dei israelittiske slavane bruka i Egypt. Kvar person drikk fire glas druevin, druejus eller rosinvin. Med bakgrunn i desse matrettene og andre rituelle handlingar les ein Haggadá sjel pesaḥ (påskeforteljinga) om utgangen av Egypt. Les meir ...

Personlege verktøy