Mal:Geitbåt - Safon.org

Mal:Geitbåt

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl med Terje Brevik ved roret. (Foto: Olve Utne)

Ein geitbåt er ein tradisjonell open og oftast spissgatta ro- og seglbåt frå Nordmør og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les meir ...

Personlege verktøy