Mal:Charles-Valentin Alkan
Frå Safon.org
Charles-Valentin Alkan (1813–1888) var ein fransk komponist og ein av dei største pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er mellom dei vanskelegaste som nokon gong er skrivne og blir relativt sjeldan oppført.
Alkan vart fødd som Charles-Valentin Morhange som eitt av dei seks borna (fem brør og ei søster) i ein asjkenazisk familie i bydelen Marais i Paris. Han og brørne hans tok i bruk førenamnet åt far sin, musikklæraren Alkan Morhange, som familienamn. Alkan var eit vidunderbarn. Han begynte studia ved Konservatoriet i Paris da han var seks år gammal og studerte både piano og orgel. Da han var sju år gammal vann han ein førstepris i solfège, og da han var ni år gammal skildra Luigi Cherubini teknikken og ferdigheitene hans som heilt utanom det vanlege. Les meir ...
