Makkabearopprøret - Safon.org

Makkabearopprøret

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Ḥanukká

Ḥanukkijjá med menoráform i massing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · Mi jemallél · O, ir kleine lichtelech · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Etter at Aleksander den store vart utropt til konge av Hellas/Makedonia i år 336 føre den moderne tidsrekninga, ekspanderte riket kolossalt, og i dei neste 300 åra kom store deler av den antikke verda til å vera greskdominert, både politisk og kulturelt.

I år 175 føre den moderne tidsrekninga kom Antiokhos IV Epiphanes til makta. Han ville ikkje akseptere at jødane heldt på sin eigen kultur og religion, og gjorde sitt beste for å få slutt på dette. Han innførte blant anna

  • forbod mot å studere Toráen,
  • eit «gymnasion» etter gresk modell i Jerusalem, der det blant anna vart undervist i gresk filosofi og religion og drive idrett med splitter nakne utøvarar,
  • greske gudebilde i det jødiske Tempelet i Jerúsjaláim, og
  • ofring av griser (!) på alteret i Tempelet.

Det blir òg sagt at greske offiserar kravde førstenattsretten til brura under jødiske bryllup. Nokre seier at jødiske kvinner sin motstand mot dette var det som sette i gang makkabearopprøret.

Dette vart igangsett av Mattitjá ben-Jóḥanán Kohén Gadól Ḥasjmunái (Matthias Johananson, høgsteprest, av Hasmonearane). Gruppa av opprørarar kalla seg makkabearar, og Mattitjá sin son, Jehudá hamMakkabbí (Judas Makkabeus), vann med eit under over den greske overmakta i 165 fvt., og Tempelet kunne bli reinsa og teke i bruk att.

Dei viktigaste kjeldene til desse hendingane er 1. og 2. makkabearbok. Første makkabearbok finst på nettet i norsk omsetting:

Nyare kjelder føyer eit element til historia: Da dei kom inn i Tempelet og skulle tenne menoráen (den sjuarma lysestaken) med det evige lyset (nér tamíd), viste det seg berre å vera nok rein olivenolje til å late menoráen brenne i éin dag. Dei sendte ut folk til å presse ny olje, men dette kom til å taka minst åtte dagar. Da seier historia at menoráen brann med den opphavlege oljen, utan å sløkkjast, i dei åtte dagane det tok å få i ny olje. Dette er grunnen til at ein i dag tenner ḥanukkijjáen kvar kveld i åtte døgn under ḥanukká — kvar dag med eit lys ekstra.

Personlege verktøy