M.M. Rodrigues Pereira: «Portugisarjødisk synagogemusikk» - Safon.org

M.M. Rodrigues Pereira: «Portugisarjødisk synagogemusikk»

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

«Portugisarjødisk synagogemusikk»

av dr. Martin M. Rodrigues Pereira z"l

Dei mange sefardiske samfunna som vart etablerte i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske meinigheita i Amsterdam. Eksempel på dette er dei sefardiske samfunna i:

Den spansk/portugisisk-jødiske synagogemusikken har vorte munnleg overført frå generasjon til generasjon gjennom århundra, truleg heilt frå tida da Tempelet enno fanst i det gamle Israel.

Korleis musikken faktisk høyrdest ut på den tida veit vi ikkje. Vi veit naturlegvis at levittane sin song var ein del av tempelritualet, saman med musikk frå instrument som lyrer og cymbalar.

Den originale sefardiske musikken ligg nok aller nærmast den opphavlege tempelmusikken. Det er fleire ulike grunnar til å komma til denne konklusjonen. Allereie føre det første Tempelet vart øydelagt fanst det ei jødisk busetting på Den iberiske halvøya. Vidare er sefardím kjende for å halde strengt på den tradisjonelle musikken sin. På toppen av dette er [den sefardiske] resiteringa av dei fem Mosebøkene funnen å vera svært gammal og autentisk. Og det er òg tilstrekkeleg kjent at den såkalla gregorianske kyrkjemusikken er basert på element frå gamle tempelsongar og vart nedskrivne i såkalla neumar — ein antikk type musikknotasjon.

I jødiske gudstenester blir forrettinga gjort av ein ḥazzán. Sefardím kallar denne personen ein «(for)lesar», og asjkenazím brukar ein forsongar til dette. Forskjellen er openberr: Dei førstnemnde legg hovudvekta på resitasjonen, og ein medlem av fellesskapet tek på seg å synge bønene og salmane. Enda eit typisk trekk ved sefardiske gudstenester er at bønene og salmane blir resiterte frå begynnelse til slutt. Einaste unntaket frå denne skikken finst i den portugisisk-jødiske meinigheita i Amsterdam, der berre den første og den siste setninga av bønene blir resiterte.

Når det gjeld skikkar kring songen må det påpeikast at det finst skilnader mellom dei ulike sefardiske meinigheitene. Slik er det for eksempel å merkje seg at den portugisiske meinigheita i Amsterdam har mista songar som framleis blir brukte i New York og London. Omvendt finst det sikkert skikkar som berre blir følgde i Amsterdam, som ein gong var modermeinigheita for dei spansk/portugisiske jødane.

Presentasjonen av vekeavsnitta av Torá og Haftará (profetavsnitt) blir gjort etter songteikn som ein held seg strengt til. Når det gjeld Torá, finst det to presentasjonsmelodiar. Når særleg viktige ting blir fortalde, blir den såkalla «høge visa» bruka — slik som til dømes ved forteljinga om kryssinga av Raudehavet (Sivhavet), ved lovgjevinga på Sinaifjellet, og når Mosjé (Moses) gjev den siste signinga si over Israels folk. Vidare blir òg den «høge visa» bruka til å framheva enkeltelement når teksten elles blir resitert etter den vanlege måten. Den munnlege overleveringa av denne skikken er no nedskriven og publisert av forfattaren av dette skriftet.

Det finst òg fleire melodiar til synging av Haftará, slik som under dei såkalla tre vekene med sørging føre minnedagen for øydeleggjinga av det Første og Andre Tempelet, eller for læreøkter heime.

Sefardím har òg spesielle melodiar for dei såkalla fem rullane. På purím blir Estérs bok lesen. Det finst ein bestemt melodi for dette, sjølv om denne melodien ikkje følgjer dei trykte songteikna (teŋamím). Dei andre bøkene blir resiterte etter songteikna, anna enn at Kohélet (Forkynnaren) ikkje blir resitert i synagogen av sefardiske jødar. Asjkenazím gjer dette under sukkót (lauvhyttefesten). På dei siste to dagane av pesaḥ (den jødiske påskefesten) les ein Sjir hasjirím (Salomos høgsong) under minḥá (ettermiddagsbøna) — éin halvdel per dag.

Vestlege sefardím har ein annan melodi for dette enn dei orientalske brødrene sine. Det er òg å merke seg at orientalske sefardím har den vakre vanen å synge Høgsongen kvar fredagskveld mellom minḥá (ettermiddagsgudstenesta) og ngarbít (kveldsgudstenesta).

Føre minḥá på sjabungót (vekefesten, jødisk «pinse»), etter først å ha sunge første halvparten av Sjelomó ibn Gabiról sitt verk Ngaz’harót, syng ein første halvdelen av Ruts bok etter ein spesiell melodi. På andre dagen av sjabungót les ein andre halvdelen av begge verka. Same melodien som ein brukar til Ruts bok blir i Amerika òg bruka til Haftará på morgonane av Tisjngá beáb, minnesdagen for øydelegginga av dei tidlegare Templa i Jerusalem.

Gjennom heile det jødiske året har kvar dag i den portugisiske synagogen sine eigne karakteristiske melodiar. Dette avgrensar seg ikkje til éin spesiell melodi, men kan vera fleire ulike melodiar. På ein vanleg sjabbát blir bestemte bøner sungne med sine spesielle melodiar. Nokre kan bli sungne med ulike melodiar ettersom sjabbatót (fleirtal av sjabbát) fell på ulike årstider. Lat oss gå på vandring gjennom det jødiske året:

Det jødiske året

Det begynner med tida for dei høge heilagdagane, rosj hasjaná (jødisk nyår) og jom kippúr (forsoningsdagen).

Ein typisk melodi er den såkalla R.H.-melodien som ein syng bøna «Jedé rasjím» (dei undertryktes hender) etter. På begge desse heilagdagane syng ein i synagogen etter melodiar som er svært særeigne for desse ærefrykt-haldige dagane, slik at ein finn at desse melodiane eller variantar av dei kor ein enn finn sefardiske meinigheiter, kor det skulle vera i verda.

Den følgjande heilagdagstida er sukkót, eller lauvhyttefesten — ho òg med sine særeigne melodiar. Ein typisk melodi er den som blir sungen under den daglege gåinga kring i synagogerommet (som er opphavet til «palmesøndag»), når vi bed Gud om hjelp (Hosjànga na). Under sluttfesten (sjeminí ngaṣéret) blir bøna om regn sungen med sin svært spesielle melodi under tilleggsbøna (musáf).

Simḥàt Torá avsluttar rekka av haustfestar. På denne dagen blir den avsluttande delen og opningsdelen av Toráen sungne med den «høge» visa av den som er spesielt utpekt til dette, den såkalla lovas brudgom (ḥatàn Torá). Også den som forrettar gudstenesta på denne dagen gjer sitt ytterste for å lata den praktfulle musikken for denne dagen stå fram som så vakker som muleg.

Det jødiske året går no inn i ein kvileperiode fram til desember og dei åtte dagane når ḥanukká blir feira. Ved tenninga av ḥanukkijjáen kling den allment kjende og århundregamle «Hannerót hallálu» både i synagogen og heime. Enno eig forfattaren av denne artikkelen ei gammal 78-plate med den kjende og kjære ḥazzánen Simon Duque, som saman med dei 6 millionar jødiske slaktoffera av Holocaust vart myrda av tyskarane. Vi kan ikkje og vil ikkje gløyme det!

Kring den første delen av mars blir purím feira. Underleg nok blir ikkje Estérs bok, «megilláen», som denne dagen blir lesen såvel i synagogen som heime, resitert etter songteikna; Ein må lære denne melodien utanåt som ung for å kunna framføre han skikkeleg seinare. Denne dagen blir alltid avslutta med eit festmåltid der ein syng jødiske songar mellom rettane. Éin av desse består av eit dikt der diktaren viser til lekkerbiskenane med nederlandske ord som rimar med hebraisken som portugisarjødane nyttar gjennom året.

For kvar fest er det ein spesialrett. I den hebraiske teksten blir hollandske ord hebraiserte på vittig vis: Under pesaḥ (påska) et ein ein dessert av ei mengd med eggeplommar, honning og kanel; under vekefesten ei mjølketerte, under lauvhyttefesten ein kalvepaté, under ḥanukká vaflar, under purím bole med saus, kalla «caldo» — det spanske ordet for saus.

Vårfesten framfor alle er påskefesten med sine karakteristiske haggadákveldar (med forteljinga om utgangen av Egypt). Første kvelden les ein mellom anna bøna for dogg, med sin spesielle musikk der ein bed om ei overflod av dogg, som er så viktig i Israel med sine lange, tørre somrar. På sjuande dagen les ein frå Lovrullen (Torárullen) om utgangen av Egypt, dette med den såkalla høge visa.

På det etterfølgjande vekefesten les ein om lovgjevinga på Sinaifjellet — ei historisk sett svært viktig hending. Dermed brukar ein da òg den høge visa. Den svært vakre og rørande klagesongen for tisjngá beáb (minnedag for øydelegginga av begge Templa [i Jerúsjalàim] på 9. áb, som alltid fell på den varmaste tida av året: juli/august) blir i sefardiske synagogar (utanom Amsterdam) sungen av personar som kjenner jødisk bøn godt. Etter at den eigentlege gudstenesta er over, framfører ein først Klagesongen av profeten Jirmejáhu (Jeremia), og deretter Ijjóbs bok (Jobs bok). Dei same songteikna har her enda ei anna musikalsk form.

Heile det sefardiske dagleglivet er gjennomsyra av musikk — ikkje berre hebraisk poesi, men òg dikt på ladino, eit språk som består av gammalspansk blanda med hebraiske ord. Menneske i denne forfattarens levetid hugsar enno godt cantos, songar, som vart sungne etter den hebraiske takkseiinga etter måltidet, slik som «Bendigamos» (‘Lat oss signe’) og «Ya vendrá el Señor de la Redención» (‘Snart skal bergingsherren komma’).

Vidare finst det spesielle bøner og songar for spesielle typar hendingar, slik som ved ei omskjering, for guten som skal omskjerast, som blir sungne av dei som er til stades. Og for ein brudgom finst det òg ein festsong som blir sungen på den spesielle lærekvelden til ære for brudgommen som finn stad føre bryllupet.

Overrabbinar ḥakhám Izak Aboab da Fonseca skreiv i 1675 eit religiøst dikt til ære for innviinga av Den portugisiske synagogen i Amsterdam. Namnet på dette diktet var «Ḥiskí ḥizkí» (‘Ha vett og ver sterk’). Nokre tiår seinare komponerte Abraham de Casseres musikken til dette diktet.

For den som vil veta meir om den portugisisk-jødiske musikken viser eg til denne litteraturlista:

  • Lopes Cardozo, Abraham: «Music of the Sephardim», særtrykk frå Herzl Institute Pamphlet #15, Herzl Press, New York, N.Y. 1960.
  • Lopes Cardozo, Abraham: Sephardic songs of praise, Tara Publications 1987, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Lopes Cardozo, Abraham: Selected Sephardic chants, Tara Publications 1991, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Benharoche-Baralia, M.J.: Chants hebraïques traditionnels, L’association Zadoc-Kahn, Biarritz, France 1961.
  • Rodrigues Pereira, M.M.: ‘Hochmat Shelomoh, Torah cantillations according to the Spanish and Portuguese custom, Tara Publications 1994, Cedarhurst, N.Y. 11516.
  • Israel Ricardo, David: Selected tunes of the Portuguese Jews, Congregation Amsterdam, Rishon Lezion 5735/1975.

Lisensinformasjon

  • Omsett etter «Portuguees-Joodse synagoge muziek». Offentleggjort her etter skriftleg løyve frå Mrs. T. Rodrigues Pereira-Gomes de Mesquita.
  • Copyright for den nederlandske originalteksten: Forfattaren, ved enkja Mrs. T. Rodrigues Pereira-Gomes de Mesquita.
  • Copyright for den norske omsettinga: Olve Utne.
Personlege verktøy