Mørlefse
Frå Safon.org
Mørlefser eller tjukklefse er ein relativt ny type lefse som særleg vart spreidd gjennom folkehøgskular og husmorskular. Mørlefsene inneheld hevemiddel (ofte hjortsalt) og blir steikte i småe leivar av asjettstørrelse. Mørlefsene, som er relativt tjukke og mjuke og er best når dei blir etne ferske, blir smurde med smør, sukker og kanel, lagt saman to og to og skorne i 4–8 kileforma stykke.
[endre] Oppskrifter
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar:
3 koppar surmjølk 1 kopp rømme 1 kopp sukker 1 kopp sirup 4 ts hjortsalt ca 1½ kg kveitemjøl
Framgangsmåte:
Rør alt saman, men arbeid deigen minst muleg. Bak ut til litt tjukke leivar. Lefsene kan steikjast på takke, på toppen av vedkomfyren eller i steikjeomnen. Best blir dei når dei er steikte i omnen. Lefsene, som skal vera heilt lyse, pakkar vi inn i ein kopphandduk etter kvart som dei blir steikte. Smør ein leiv med smør, sukker og kanel. Smør så berre smør på ein annan og legg han oppå den første med smørsida ned.
