Måneskinspudding
Frå Safon.org
Måneskinspudding er ein norsk pudding som hovudsakleg er basert på mjølk og egg.
[endre] Oppskrifter
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar
50 g kveitemjøl 50 g potetmjøl 2,5 dl mjølk 1 l mjølk 50 g sukker 50 g smør 50 g kokosmasse - vanilje 2 egg
Framgangsmåte
- Ein blandar mjølet saman i ein bolle og rører i 1/4 l mjølk.
- So kokar ein opp 1 l mjølk med sukker, smør og kokosmasse.
- Lat så denne jamninga få eit godt oppkok.
- Rør i vaniljen og egga.
- Ha det i smurt og strødd form, kolv det når det har stivna.
- Servér med raud saus til steikt makrell med stua syre (surgras).
