Lysing - Safon.org

Lysing

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Lysing
Lysing
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Osteichthyes
Underklasse: Actinopterygii
Orden: Gadiformes
Familie: Gadidæ
Slekt: Merluccius
Art: M. merluccius
Vitskapleg namn
Merluccius merluccius

Lysing (Merluccius merluccius) er ein fisk i torskefamilien som òg blir kalla svartkjeft eller kolkjeft. Lysingen kan bli opptil 1,40 m lang og vega kring 17 kg. Han er utbreidd langs norskekysten opp til Nord-Norge. Lysingen er ein stimfisk som oppheld seg på 200–500 meters djup, der han lever av annan stimfisk, som brisling, makrell og sild. Lysingen er ein god matfisk med fast, kvitt kjøt.

[endre] Kjelder


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Lysing» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy