Lekkech
Frå Safon.org
Lekkech eller lekkach (jid. לעקעך el. לעקאַך) er det asjkenaziske namnet på honningkake. Etter asjkenazisk tradisjon serverer ein særleg lekkech på rosj hasjaná, men òg under sjabungót (vekefesten, jødisk pinse), ḥanukká (lysfesten i desember, jødisk «jul») og purím («karneval» til minne om dronning Estér). (Ein særskild variant med maṣṣá-mjøl i staden for vanleg kveitemjøl blir stundom laga for pesaḥ.)
[endre] Oppskrifter
[endre] Skandinavisk billig «honningkake»
Etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
Ingrediensar
13 dl kveitemjøl 2 dl sukker 2 ts natron 1/2 ts ingefær 1 ts pepar 3 dl sirup 6 dl surmjølk
Framgangsmåte
Bland alt det tørre. Spe med surmjølk og sirup. Hell i form. Steik ved ikkje for sterk varme [175° C] i * min.
