Lefse
Frå Safon.org
Ei lefse, òg kalla lemse ein del stader i Trøndelag og naboområda, er eit tynt utkjevla og oftast mjukt, ugjæra og takkesteikt bakverk som oftast blir ete med smør og anten sukker eller pålegg som ost, myssmør eller gomme. Det finst to hovudtypar av lefser i tradisjonell norsk matlaging: «tynnlefse» og «tjukklefse». Den norske matretten lefse svarar i hovudtrekk til den mjuke varianten av den svenske matretten tunnbröd. I enkelte bygder i Sverige blir òg eigentlege lefser laga. Namnet der er läfsa.
Innhaldsliste |
[endre] Namn
Namnet lefse med variantar er det mest utbreidde.
Namnet lemse med variantar (oftast læ’ms) er bruka i store deler av Trøndelag og lengst nord i Østerdalen. Tidlegare har namnet òg vore bruka på i det minste deler av Nordmør.[1]
[endre] Tynnlefser
Det finst mange ulike typar tynnlefse — sjå havrelefse, krinalefse, rogalandslefse, mjuke potetlefser.
[endre] Tjukklefser eller mørlefser
- Hovudartikkel: Mørlefse.
[endre] Referansar
- ↑ Belagt som eldre ord frå Stangvik. (Norsk Ordbok sitt setelarkiv, setel 53342.)
[endre] Lenkjer
- Læms e livet – opplysningskontoret ferr læms
