Latkes
Frå Safon.org
|
Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For dei fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. Latkes blir i dag vanlegvis laga av raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.
Ein eldre variant av latkes er basert på ost. Latkes laga av ost er bruka som ḥanukká- eller pesaḥmat både blant asjkenazím og sefardím.


