Kvernes stavkirkje
Frå Safon.org
Kvernes stavkirkje på Kvernes i Averøy kommune på Nordmør er ei stavkirkje av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Ein trur at kirkja kan ha vorte bygd sist på 1300-talet. Karakteristisk for denne kirkja og Rødven stavkirkje er dei utvendige skordene. Kirkja vart omfattande ombygd blant anna med lafta kor i 1633. I 1776 vart kirkja ombygd att, og i 1810 vart det påsett ein takryttar.
