Kva er ein torárull - Safon.org

Kva er ein torárull

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Ein open torárull.
Ein open torárull.

Ein torarull eller sefer er ein rull av pergament (preparert dyreskinn med ekstra fin overflate) som inneheld heile Toraen (Mosebøkene). Torarullen er skriven på språket hebraisk og med det hebraiske alfabetet. Kvar einaste bokstav er handskriven av ein sofer, det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.

Når torarullen ikkje blir lesen frå, er han heilt samanrulla. Nokre brukar å ha rullen i ein sylinder av tre eller metall som blir kalla ein tik. Andre brukar å kle han i ei spesiell kappe som blir kalla mengil eller vestido. Enkelte gjer begge deler. Torarullane blir oppbevarte i Hekhal (arka, toraskåpet) når dei ikkje er i bruk.

[endre] Les meir

[endre] Andre lette artiklar

Personlege verktøy