Kva er ein tallét - Safon.org

Kva er ein tallét

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Ein mann med tallét.
Ein mann med tallét.

Ein tallét er eit jødisk bønesjal. Talléten er firkanta og har ein spesiell dusk som blir kalla ṣiṣít i kvart av dei fire hjørna sine. Talléten blir bruka under bøna om morgonen, og nokre gonger om ettermiddagen òg. Berre på éin einaste kveld i heile året er det vanleg alle stader at talléten blir bruka, nemleg på kippúr.

I ortodoks jødedom blir talléten oftast bruka berre av menn i nyare tid. Tidlegare i historien har ein del kvinner bruka tallét òg, og særleg i ikkje-ortodoks jødedom har det vorte stadig vanlegare i våre dagar at kvinner brukar tallét.

[endre] Les meir

[endre] Andre lette artiklar

Personlege verktøy