Kultur
Frå Safon.org
Kultur (gjennom latin cultura frå colere (‘dyrke, foredle, kultivere’) er eit omgrep som generelt viser til mønster av menneskeleg aktivitet og dei symbolske strukturane som gjev slik aktivitet meining. Ulike definisjonar av «kultur» viser til ulik teoretisk forståingar, eller undersøkingskriterium, av kultur. Omgrepet er i moderne tid vanskeleg å definere fordi det blir bruka i svært mange samanhengar på svært ulike måtar. I begynnelsen av 1950-åra samla dei amerikanske antropologane Alfred Kroeber og Clyde Kluckhohn over 100 ulike definisjonar av ordet bruka i engelsk litteratur.
Det er no vanleg å definere kultur etter tre ulike retningar:
- Det kvalitative, verdiorienterte eller humanistiske kulturomgrepet
- Det har som føresetnad at det finst ein kulturell verdimålestokk. Historisk har kulturomgrepet gjennomgått ei endring frå ei konkret tyding knytt til vekst i naturen i overført meining til å kjenneteikne det alminnelege åndelege utviklingsnivået i samfunnet som heilskap.
- Det samfunnsvitskapelige, kulturrelative eller skildrande kulturomgrepet
- idéar, normer og verdiar i ulike samfunn, må forståast på premissa åt desse samfunna, ikkje ut frå nokon utanforståande kvalitativ målestokk. Ein idealistisk samfunnsvitskapleg fagtradisjon vil bruke denne definisjonen:
- Kultur er det fellesskap av idéar, verdiar og normer som eit samfunn, det vil seie ei gruppe menneske, har og som dei prøver å føre vidare til den kommande generasjonen.
- Ein materialistisk kulturhistorisk fagtradisjon vil bruke definisjonen:
- Med kultur forstår vi dels dei materielle omgjevnadene som menneska har bygd opp kring seg, dels den andelege arva i form av verbale tradisjonar, trusførestellingar, idéar, kunnskap, normar og anna som dei har tileigna seg gjennom læring og tilpassing.
- Det utvida eller kulturpolitiske kulturomgrepet
- Det nye kulturpolitiske kulturomgrepet har blant anna bakgrunn i ei samfunnsvitskapleg basert erkjenning av at den tradisjonelle kulturen først og fremst er kulturen for ein sosial elite. Men etter kvart slo det synet gjennom at ein moderne, demokratisk kulturpolitikk burde femne vidare. Det burde omfatte kulturlivet til folk flest «som det blir levd».
[endre] Litteratur
- Berggreen, Brit: Da Kulturen kom til Norge. Oslo 1989 ISBN 82-03-16153-7
- Geertz, Clifford: The Interpretation of Cultures. London 1973 ISBN 0-00-686260-8
- Klausen, Arne Martin: Kultur, mønster og kaos. Oslo 1992 ISBN 82-05-20744-5
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Kultur» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
