Krystallsoda - Safon.org

Krystallsoda

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Syra eddik (til venstre) og basen krystallsoda (til høgre) er effektive og svært miljøvenlege reingjeringsmiddel. Merk at dei ikkje bør blandast, sidan dei nøytraliserer kvarandre og gjer vaskevatnet mindre effektivt.Foto:Olve Utne
Syra eddik (til venstre) og basen krystallsoda (til høgre) er effektive og svært miljøvenlege reingjeringsmiddel. Merk at dei ikkje bør blandast, sidan dei nøytraliserer kvarandre og gjer vaskevatnet mindre effektivt.
Foto:Olve Utne

Krystallsoda eller natriumkarbonat dekahydrat (Na₂CO₃·10H₂O) er eit hydrat av natriumkarbonat som blant anna blir bruka til reingjering og i glasproduksjon.

Krystallsoda er sterkt feittløysande og eignar seg spesielt godt til reingjering av glas. Bruk ikkje krystallsoda til reingjering av kasserollar o.a. av aluminium eller sink.

Ved vask av tøybleier er det lettare å få ut lukta om ein tilset litt krystallsoda til vatnet under hovudvasken. Da er det sjølvsagt enda viktigare enn vanleg at ein tilset eddik, mjølkesyre eller anna syre til eit av skyljevatna for å nøytralisere basen.

Ein kan kjøpe krystallsoda blant anna på Felleskjøpet.[1]

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy