Krumkaker
Frå Safon.org
Kakefat med kjegleforma krumkaker øvst til venstre. Dei andre kakeslaga er goro med hanemønster (nedst til venstre) og smultringar (til høgre). (Foto: Olve Utne)
Krumkaker er ein type småkaker av røre som blir steikte i krumkakejarn og deretter forma over kjegler til kremmarhus eller i koppar til koppform. Krumkakene blir sprøe når dei kolnar av. Dei blir gjerne etne med fløytekrem eller iskrem, men dei er kanskje mest populære som julekaker.
[endre] Oppskrifter
- etter Anna B. Gimnes, f. Halle (1906–1992).
I
Ingrediensar
125 g kveitemjøl 125 g smør 125 g sukker 5 eggekvitar
Framgangsmåte:
Gjer smøret mjukt og rør kvitt med sukkeret; tilsett mjølet og dei stivpiska kvitane. Steik lyse gulbrune i krumkakejarnet og krum dei over krumkakekjegla med ein gong dei blir tekne or jarnet.
II
Ingrediensar
1 kopp sukker 1 kopp smør 1 egg 1 kopp mjølk 1 kopp potetmjøl 1 kopp kveitemjøl litt vaniljesukker
