Al-Qur’ān - Safon.org

Al-Qur’ān

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Koranen)
Jump to: navigation, search
Ei side i ein andalusisk koran
Ei side i ein andalusisk koran

Al-Qur’ān (arabisk القرآن), oftast kalla Koranenskandinavisk, er den heilage skrifta i islām. Ho består av profeten Muḥammad sine openberringar.

Al-Qur’ān består av 114 suraer (kapittel), og dei er ordna slik at de lengste suraene kjem først og de kortaste sist, med unnatak av den korte første suraen som er ei sentral bøn i islām.

For dei truande er al-Qur’ān Guds ord i bokstaveleg tyding, ein kopi av ei himmelsk bok «nedsendt» til Muḥammad via openberringar. Al-Qur’ān er skriven på arabisk, og omsettingar blir ikkje rekna som heilage, men som tolkingar av al-Qur’ān.

[endre] Al-Qur’ān på andre språk

Ein skilnad mellom kristendommen og islām er at dei kristne omsett Bibelen til så mange språk som muleg, mens arabisk har ein spesiell status innafor islām. Omsettingar av al-Qur’ān har derfor komme i stand utanfor dei vanlege religiøse kanalane.

[endre] Al-Qur’ān på skandinavisk

Al-Qur’ān vart utgjeven på bokmål av Universitetsforlaget i 1980, omsett av Einar Berg.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Koranen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy