Kiva.org
Frå Safon.org
Kiva.org er ein frivillig organisasjon som har som mål å sameine folk gjennom lån for å redusere global fattigdom. Gjennom bruk av Internett og eit verdsomspennande nettverk av mikrofinansinstitusjonar lèt Kiva enkeltpersonar låne ut ned til 25 amerikanske dollar (kring 150 norske kroner) for å hjelpe til med å finansiere småbedrifter eigde og drivne av personar frå låginntektsgrupper kring i verda.
Lån gjennom Kiva gjev 0 % renter til utlånarane, og Kiva sjølve krev ikkje renter frå låntakarane. Det finst planer om å kreva 2 % renter frå mikrofinansinstitusjonane frå utpå året i 2007.[1] Låntakarane betalar noko renter til dei lokale mikrofinansinstitusjonane som administrerer enkeltlåna,[2] men Kiva.org hevdar at dei held auga med kor mykje renter som blir kravde og at dei ikkje vil arbeide med institusjonar som krev urettferdige eller unødig høge renter. Kiva-låntakarane har ein historisk tilbakebetalingsrate på 100 %.[3] Kiva arbeider med regulatorar for å kunna lata mikrofinansinstitusjonar tilby variable renter til ulike låntakarar.
Innhaldsliste |
[endre] Korleis verkar det?
Kiva let mikrofinansinstitusjonar kring i verda avertere profilar av kvalifiserte lokale entreprenørar på Internett. Utlånarane er kven som helst som har eit kredittkort eller ein PayPal-konto. PayPal-konto treng ein elles berre når ein vel å taka ut att pengar.[4] Utlånarane les profilane på Internett og bestemmer seg for éin eller fleire entreprenørar dei ønskjer å finansiere deler av lånet til. Kiva samlar inn lånekapitalen frå desse individuelle utlånarane og overfører han til mikrofinanspartnarane sine, dei såkalla feltpartnarane, som i sin tur distribuerer pengane og administrerer låna. Etter kvart som lånet blir tilbakebetalt av entreprenøren, overfører feltpartnarane pengane tilbake til Kiva. Når lånet er heilt tilbakebetalt, kan Kiva-utlånarane trekkje tilbake kapitalen sin att eller låne han ut att til ein annan entreprenør.
PayPal tek ikkje noko gebyr for Kiva-transaksjonar.[5] Kiva distribuerer 100 % av lånet til entreprenøren. Utlånarane mottek ikkje noka rente eller annan profitt. Feltpartnaren som administrerer lånet tek renter frå entreprenøren.
[endre] Den første framgangen
[endre] Organisasjon og arbeidslag
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer
- Kiva.org
- KivaFriends.org - gruppe for Kiva-brukarar.
- Kiva-blogg
- Bivings-rapporten om Kiva
- Kiva sin leiar på Clinton Global Initiative Panel
- Kiva på PBS Frontline
- Kiva-leiaren sin presentasjon til e-MBA-klassen ved University of San Francisco, 19. desember 2006
- Kiva på NPR «All Things Considered»
- Matt Flannery, Kiva CEO og medstiftar, på Digital Village Radio
- Nicholas D. Kristof: «You, Too, Can Be a Banker to the Poor», i New York Times, 27. mars 2007
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |

