Kippúr - Safon.org

Kippúr

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Kippúr, òg kalla jom hakkippurím (hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים) og jom kippúr, er den jødiske forsoningsdagen (eller bots- og bededagen) og fell på den 10. tisjré (den tiande dagen av den sjuande månaden). Etter den sivile kalenderen havnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober.

Kippúr er ein full fastedag, og alle jødar over 12/13 års alder som har helse til det er pålagde å faste frå solnedgang på kippúr-aftanen til det er mørkt etter sjølve kippúr-dagen — det vil seie omlag 25 timar. I denne perioden et ein ingen ting og drikk ikkje noko anna enn kva som er strengt nødvendig for helsegrunnar.

Bøneritualet for kippúr inneheld fleire karakteristiske element:

  • Ein brukar tallét (bønnesjal) under kveldsgudstenesta. Dette er den einaste kveldsgudstenesta i heile det jødiske året at alle hovudretningar av jødedommen er einige om at dette er pålagt. Grunnen til påbodet er at alle gudstenestene i løpet av heile kippúr er å rekne for éi samanhengande gudsteneste.
  • Kal nidré (asjkenazisk: Kol nidré; italiensk kol-nedarím) er ei bøn om at lovnader ein gjorde sitt beste for halde, men ikkje greidde å leva opp til, ikkje må bli haldne mot ein, og likeleis at lovnader ein vart tvungen til (slik som, f.eks., under Den spanske inkvisisjonen) ikkje må bli haldne mot ein. (I asjkenazisk jødedom er denne bøna endra til å gjelde det kommande året i staden.)
  • Ein blæs i sjofár (bukkehorn) éin gong ved slutten av dagen for å markere at kippúr er over.
  • Under ngamidáen legg ein mellom anna til bøna seliḥót.
  • I tillegg til dei vanlege gudstenestene har ein gudstenestene musáf og nengilá.
  • Ein legg til ngabodá-avsnittet, som fortel om gudstenesta i Tempelet i Jerusalem på denne dagen.
  • Ein legg til ei minnebøn — kalla Hasjkabá eller Rogativa av sefardím og Jizkor blant asjkenazím.

Innhaldsliste

[endre] Bønebøker for kippúr

  • מחזור. ORDEN DE ROS ASANAH Y Kipur. Traduzido en Eſpañol, y de nuevo emmẽdado, y añadido el Keter Malchuth y otras coſas. Eſtampado por induſtria y deſpeza de David Pardo, y Salom Ben Yoſſeph. Amſterdam: Menaſſeh Ben Iſrael, 5390 ( = 1630). (Nettutgåve frå Bibliotheca Rosenthaliana — scanna frå Bibl. Ros. 1899F26)

[endre] Séfer Joná

[endre] Sjå òg

[endre] Lenkjer

Personlege verktøy