Kollhuve - Safon.org

Kollhuve

Frå Safon.org

(Omdirigert frå Kippá)
Jump to: navigation, search

Ei kollhuve, ein kippá (hebr. כִּפָּה), ein jarm’lke (jid. יאַרמלקע) eller ein kalott (urban skandinavisk kultur), er ei lita, rund huve (lue) som dekkjer toppen av hovudet. Desse huvene er oftast tillaga av fire eller fleire kilar av tøy som er samansydde etter dei to langsidene.

[endre] Kippá i jødedommen

Kippáen blir bruka av mange jødar i samband med rituelle handlingar som måltid og bøn. I dei fleste tradisjonelle synagogar er det minhág (religiøs skikk) at alle menn dekkjer hovudet med ein kippá eller med andre hovudplagg. I mange masorti, rekonstruksjonistiske og progressive synagogar dekkjer òg mange kvinner hovudet med ein kippá.

Ettersom dekking av hovudet under bøn ikkje er nemnt som ei plikt for vanlege israelittar i Toráen, er dette heller ikkje ein miṣvá. Dermed finst det ikkje nokon spesiell berakhá (velsigning) som blir sagt når ein tek på seg eit hovudplagg. Sjulḥán ngarúkh omtalar likevel dekking av hovudet som ei plikt — og dermed som halakhá — under bøn, og ein viktig skikk på andre tider. Særleg blant asjkenaziske ortodokse jødar er det vanleg å gå med kippá til dagleg.

Andre namn som blir bruka for kippá er jiddisch יאַרמלקע jàrmelke eller jàrmulke; dette namnet er meir eller mindre utelukkande bruka av asjkenaziske jødar.

[endre] Kalotten i den katolske kirkja

Mann frå Hallingdalen med kollhuve, teikna av Adolph Tidemand.
Mann frå Hallingdalen med kollhuve, teikna av Adolph Tidemand.

[endre] Kollhuva i Skandinavia

Kollhuva, òg kalla kollhue, kolluve og kollue, var ein viktig del av folkedrakten for menn i store deler av Noreg langt innpå 1800-talet, og i dag finn vi att denne huva som bunadsplagg fleire stader: Finnskogen, Buskerud (Valdres, Sigdal, Eggedal, Krødsherad, Hallingdalen), Telemark (Tinn, Vest-Telemark), Hordaland (Kvinnherad (tidlegare), Voss) og Sogn.

Samisk mann og kvinne med hattar som truleg er vidareutvikla av kollehuva. (Utsnitt av litografi av Chr. Tønsberg.)
Samisk mann og kvinne med hattar som truleg er vidareutvikla av kollehuva. (Utsnitt av litografi av Chr. Tønsberg.)

I det samiske kulturområdet vart kollhuva tidleg gjort høgare, og dei kunne òg bli bruka av både menn og kvinner. I dag finst høge variantar av kollhuvene først og fremst i dei sørsamiske og lulesamiske områda, og dessutan i dei rekonstruerte samiske draktene frå kysten av Troms og Vest-Finnmark. Etterkvart har nokre variantar av desse huvene fått duskar og — særleg kring det nordlegaste Sverige og Ofoten — skygge.

Personlege verktøy