Katti Anker Møller
Frå Safon.org
Katti Anker Møller (1868–1945) var ein norsk kvinnesaksforkjempar. Ho var fødd på Hamar, men budde i Fredrikstad det meste av livet sitt. Ho var dotter av Herman Anker.
Katti Anker Møller arbeidde særleg for å betre forholda for ugifte mødrer og uekte born. Saman med svogeren Johan Castberg arbeidde ho for å få revidert lovverket på området, noko som resulterte i Dei Castbergske barnelovar av 1915. Møller var òg med i Norske kvinners nasjonalråd.
Ei anna av hjartesakene hennar var prevensjonsrettleiing, og ho stod attom opprettinga av det første mødrehygienekontoret i 1924. Utover 1920- og 1930-åra vart det oppretta ei rekkje mødrehygienekontor landet over.
Straffeloven av 1902 hadde ei strafferamme på tre års fengsel for abort. Møller arbeidde sterkt for å få abort avkriminalisert. Ho møtte motstand frå blant anna Anna Backer, men fekk støtte frå arbeidarkvinnene. Derimot fekk ho ikkje støtte frå Arbeidarpartiet, og det kom ikkje noka lovendring i hennar levetid.
Dotter hennar, Tove Mohr, skreiv ein biografi, Katti Anker Møller: en banebryter, om henne.
[endre] Bibliografi
- Mohr, Tove: Katti Anker Møller : en banebryter. Oslo (Tiden), 1968.
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Katti Anker Møller» frå Bokmålswikipediaen og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
