Kattassery Joseph Yesudas
Frå Safon.org
Dr. Kattassery Joseph Yesudas (f. 10. januar 1940), mest kjent som Yesudas, er ein kjent sør-indisk songar.
Kattassery Joseph Yesudas vart fødd i Fort Kochi i Kerala av foreldra Augustine og Elizabeth Joseph. Far hans, Augustine Joseph, var ein velkjent malayaḷisk klassisk musikar og skodespelar i si tid.
Yesudas er ein malayaḷisk songar og representant for den karnatiske musikken. Han vart påmeldt musikkakademiet i Thirupunithura og vann ein gullmedalje for musikk i ei lokal tevling i Fort Kochi berre sju år gammal.
I karrieren sin har han sunge meir enn 30 000 songar for tusenvis av indiske filmar på mange språk — inkludert tamiḷ, kannada, gudjarati, telugu og bengali. Han vart òg invitert av den sovjetiske regjeringa til å halde konsertar i Sovjetsamveldet i 1965.
Indias president gav honom tittelen Padmashree i 1973.
Ei tid etter at han fekk tittelen hadde Yesudas problem med den kristne kirkja i India. Dei fleste karnatiske songane er om hindugudar, og Yesudas song dei med så mykje kjensle at kirkja var redd at han snart ville forlata kristendommen. Han vart nekta alle kristne sakrament for ei stund, og den første sonen hans kunne ikkje bli døypt i kirkja. Men han heldt fram med musikken og over tid vart kirkja overtydd om at musikk for han berre var ein måte å dyrka Gud på. «Gud har ingen religion,» sa Yesudas, og det godtok kirkja til slutt. Han fekk igjen alle religiøse rettar i kirkja i 1980-åra, og den andre sonen hans, Vijay Yesudas, gav sin første konsert i ei kristen kirkje.
Dr. Yesudas og kona hans, Prabha, har tre søner — Vinod, Vijay og Vishal. Familien bur for tida i Chennai (tidl. Madras) i delstaten Tamil Nadu i India.
[endre] Titlar og prisar
- 1970 - Staten Keralas playback-songpris 16 gonger sidan 1970.
- 1973 - Padmashree - frå Indias president
- 1974 - Sangeetha Raja
- 1988 - Sangeetha Chakravarthy
- 1988 - Beste playback-songar i 1988 frå regjeringane både i Tamil Nadu og Andhra Pradesh
- 1989 - Sangeetha Sagaram
- 1989 - Æresdoktorat frå Annamalai University
- 1991 - Indisk nasjonalpris for beste playback-songar
- 1992 - Aashtana Gayakan frå regjeringa i Kerala og The Sangeeta Nataka Akademi
- 1992 - Den årlege Latha Mangeshkar-prisen frå regjeringa i Madhya Pradesh
- 1994 - Den indiske nasjonale borgarprisen
[endre] Lenkjer
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «K.J. Yesudas» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. |
