Safon.org:Hovudsida - Safon.org

Safon.org:Hovudsida

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Mange lenkjor frå Google (og i mindre grad andre eksterne sidor) blir vidaresendte hit til hovudsida akkurat no. Dette vil rette seg så snart Google får oppdatert databasen sin.

fil:Seilende_nordlandsbaater_s.jpg
fil:Flintoe_Samisk_par_rein_s.jpg
fil:Vincent_van_Gogh-_The_Caravans_s.jpg
fil:Great_Synagogue_Plzen_CZ_s.png
fil:Willmette_how_s.png
fil:Golden_temple_s.png
fil:Stabkirche_Lom_s.png
fil:Mosquée_hassan_II_Casablanca_s.png
fil:Mahabodhitemple_s.png

Velkommen · Ordliste · Kort innføring · Spørsmål og svar · Samfunnshuset · Retningslinor · Populære sidor

Safon.org er ein nettressurs for kultur og miljø med skandinavisk kystkultur i vidaste tyding, inkludert minoritetskulturar, og kulturmøte som hovudreferanserammor. Kjeldetypane inkluderer artiklar, bøker, bilde og lenkjesamlingar. Safon.org har 2 287 artiklar så langt, og fleire er på veg. Du finn eit tilfeldig utval tå smakebitar frå dessa artiklane her på hovudsida kvar dag. Har du problem med skrifttekna, finn du tips om installering tå oppdaterte fontar og liknande her.

FAGSIDOR: ENGELSKHEBRAISKKROPPSØVINGKUNST OG HANDVERKMAT OG HELSEMATEMATIKKMUSIKKNATURFAGNORSKRELIGION OG LIVSSYNSAMFUNNSFAGSPANSKTYSK


I dag er det torsdag den 8. januar 2009.


Mat

Borecas eller borekas svarar til börektyrkisk og finst på menyen i mange tyrkisk-drivne gatekjøken i Noreg under namnet børek. I sin typiske tyrkiske versjon er børeken ein innbakt butterdeigspai på størrelse med ein munnfull eller tre med fyll tå fetaost og grønsaker — gjerne gulrøter og spinat. Sefardím i Det osmanske riket slo saman den tyrkiske børeken og sine iberiske pastelas (òg kalla empanadas, pastillas, pastidas) til den karakteristiske osmansk-sefardiske matretten borecas.   Les meir …
Etróg (hebr. אֶתְרוֹג; lat. Citrus medica), òg kalla cedrat, sukatsitron eller søtsitronnorsk, er ei svært aromatisk, sitronliknande frukt tå sitrusfamilien. Etróg er ein tå arbangá miním (dei fire slaga) som blir bruka symbolsk under sukkót (páscua de las cabañas, lauvhyttefesten). Det finst fleire typar etróg, men ikkje alle er kasjér til bruk for arbangá miním. Blant dei som ikkje blir bruka for detta er fingeretróg («buddhahand») og florentinsk etróg. I tillegg blir albedoen (det kvite området mellom ytterskalet og sjølve fruktkjøtet) bruka til å laga sukatar. I tidlegare tider har skalet vorte bruka som medisin og som parfyme for klede. Dei variantane tå etróg som blir bruka under sukkót er levantinske etrogím, jemenittiske etrogím, marokkanske etrogím, calabriske etrogím og greske etrogím.   Les meir …
Latkes (jid. לאַטקעס), eller frityrsteikte potetlappar, er ein asjkenazisk matrett. For dei fleste asjkenazím er latkes den erketypiske ḥanukkámaten. Latkes blir i dag vanlegvis laga tå raspa potetar, løk og egg og frityrsteikt i vegetabilsk olje. Ein serverer gjerne eplesaus (eplemos) og/eller rømme (evt. yoghurt) til.   Les meir …
Norsk klippfiskmuseum ligg i Kristiansund og er etablert som ein del tå Nordmøre Museum. Museet held til i Milnbrygga, ei autentisk kleppfiskbryggje frå midt på 1700-talet. Museet viser korleis kleppfiskproduksjonen har føregått i Noreg gjønom meir enn 250 år. Til bryggja hører kleppfiskberg og vaskeplass for fisk. Anlegget ligg sentralt ved hamna, midt i bybildet i Kristiansund. Kvart år blir det arrangert bacalaofestival der der firma og kleppfiskentusiastar konkurrerer om å laga den beste bacalaoen. På norsk blir ordet bacalao bruka om ein gryterett tå kleppfisk.   Les meir …
Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består tå trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøttfyll, særleg med potet, løk og erter. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø.   Les meir …
Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ei lita bygning som står på stavar tå tre eller stabbar tå stein i staden for å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakken. Visse typar toetasjes stabbur blir mange stader kalla stabbursloft eller loft. Primærfunksjonen til eit stabbur er å vera lagerplass for mat (oftast korn- og kjøttmat, men òg frukt nokre stader), klede og andre ting ein ikkje vil at mus, rotter og andre dyr skal ha tilgang til. Nokre stader brukar ein òg stabbura til overnattingsrom. Stabbur er svært vanlege i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg blant anna i Valais i Sveits (raccard), i Asturias og Galicia i det nordvestlege Spania (hórreo, panera), i det nordlege Portugal (espigueiro) og blant indianarar i Alaska.   Les meir …

 

Personar

Benedictus de Spinoza (24. november 1632 - 21. februar 1677), kalla Baruch Spinoza i synagogeprotokollane og kjent som Bento de Spinoza eller Bento d'Espiñoza i samfunnet han voks opp i, blir saman med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz rekna som ein tå dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggaren tå moderne bibelkritikk.   Les meir …
Charles-Valentin Alkan (18131888) var ein fransk-asjkenazisk komponist og ein tå dei største pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er mellom dei vanskelegaste som nokon gong er skrivne og blir relativt sjeldan oppført. Alkan vart fødd som Charles-Valentin Morhange den 30. november 1813 som eitt tå dei seks borna (fem brør og ei søster) i ein asjkenazisk familie i bydelen Marais i Paris.   Les meir …
Ephraim Wolff Koritzinsky (òg stava «Efraim») (18831942) var ein jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjent som ein rettskaffen og frittalande mann. Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd i Karlstad i Värmland i 1883 tå foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamborg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.   Les meir …
Gurū Nānak Dēv (gurmukhī ਗੁਰੂ ਨਾਨਕ ਦੇਵ, devanagari गुरु नानक [gurū nānak dēv]) (20. oktober 14697. mai 1539), grunnleggaren tå sikhismen og den første tå dei ti sikh-gurūane, vart fødd i landsbyen Talvandi Rai Bhoai, no kjent som Nankānā Sāhib, i nærheita tå Lahår i det noverande Pakistan. Foreldra hans, Mehta Kalu og Mātā Tripat, var hinduar og haurde til kjøpmannskasten. Allereie som gutunge var Nānak fascinert tå religion, og ønsket hans om å oppdaga livsmysteriet førte han etterkvart ut på lange reisor.   Les meir …
Julius Rée (18171874) var ein dansk-jødisk kjøpmann, forfattar og politikar. Julius Rée vart fødd i ÅrhusJylland den 1. juni 1817 som son ått Hartvig Philip Rée. I 1842 opna han ei grossistforretning for landbruksprodukt i Randers. Han hade mange offentlege verv der, inkludert som medlem tå hamnekomitéen og som oldermann (184953); og dessutan var han ein representant for det jødiske samfunnet i Randers. Den 15. januar 1845 gifta han seg med søskenbarnet sitt, Louise Lipmann, dotter ått kjøpmann Lipmann i Ålborg. I 1857 overførte Rée forretninga si til København, og i 1864 vart han valt inn i det danske Folkethinget.   Les meir …
Maurice Abravanel (19031993), var ein sveitsisk-amerikansk sefardisk dirigent som blant anna er kjent for å ha bygd opp Utah Symphony Orchestra og for framføringane sine tå Kurt Weill og Gustav Mahler. Maurice Abravanel vart fødd den 6. januar 1903 i Salonica i Det osmanske riket (no Thessaloniki i Hellas). I 1909 flytta familien til Lausanne i Sveits, der far hans gjorde det svært godt som apotekar. I mange år budde Abravanel-familien i same hus som Ernest Ansermet, dirigenten for (og stiftaren av) Orchestre de la Suisse Romande. Den unge Abravanel spela firhendige pianoarrangement saman med Ansermet; han begynte å komponere, og han møtte komponistar som Darius Milhaud og Igor Stravinsky. Han var lidenskapeleg oppteken tå musikk og visste med seg sjølv at han ville bli yrkesmusikar. Far hans insisterte likevel på at han måtte satse på ein karriere i medisin og sendte Maurice til universitetet i Zürich.   Les meir …

 

Kystkultur

Eit draft eller eit sjykart er eit kart over sjyområde med tilgrensande kyst der landdelen tå kartet er lite detaljert, men med markering tå landskapsformasjonar som er karakteristiske sett frå sjyen. Eit hovudpoeng ved sjykarta, i tillegg til å vise konturen tå land, holmar og skjer, er å oppgje detaljerte opplysningar om djupner ved full fjøre; tidlegare vart dessa oppgjevne som famner, men frå innpå 1900-talet har norske sjøkart gradvis gått over til å vise djupner i meter.   Les meir …
Fish and chips eller fish ’n’ chips (ofte kalla fishan i Kristiansund), eller deigdyppa og frityrkokt fisk med frityrkokt potet, er ein populær gatekjøkenmattypeengelsk opphav. Utanom England er fish and chips populær elles på Dei britiske øyane, i Australia, på New Zealand, i Canada og i nokre kystbyar i Nederland og Noreg. I seinare år har òg fish and chips begynt å bli kjøleg vanleg i USA og mange andre plassar. I fleire tiår var fish and chips den dominerande, eller ofte meir eller mindre einaste, gatekjøkenmaten i Storbritannia.   Les meir …
Handelsskipsforliset ved Bud, rett sørom Hustadvika, i Romsdal kring slutten tå 1700-talet var okjent fram til skipsvraket vart funne i 2003. I samband med Ormen Lange-utbygginga vart det gjort marinarkeologiske undersøkingar langs traséen til den planlagte gassrørledninga frå Ormen Lange-feltet til Nyhamna under regi tå NTNU Vitenskapsmuséet ved professor Marek E. Jasinski. På 170 meters djupn mellom Bud og Aukra fann dei vraket tå eit kring 30 meter / 100 fot) langt skip. Det vart gjort omfattande marinarkeologiske undersøkingar ved funnet i 2004 og 2005. På grunnlag tå lasta, som inkluderer over 1 000 vinflasker, tre kompass, to oktantar, kinesisk porselen og mykje organisk materiale — truleg matvaror som mjøl, sukker eller liknande. Arkeologane fann tretti myntar — éin nederlandsk og resten russiske frå Katarina II av Russland (tsarina frå 1762 til 1796) si tid.   Les meir …
Nordlandsbåt viser til opne båtar tå ymse størrelsar som tradisjonelt har vorte bygd i Nordland og Troms. Ein nordlandsbåt tå ny type (etter begynnelsen tå 1800-talet) har rette og høge stamnar som står mesta vinkelrett på kjølen og langt, lett, slankt skrog. Nordlandsbåtane er klinkbygde og har både årar og råsegl.   Les meir …
Sildball (lokal uttale sillbaill) eller sildeball er ein matrett som hovudsakleg blir bruka kring Ytre Nordmør og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Noreg. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir samanmalne til ein tjukk farse som så blir forma til kulor med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte saman med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp.   Les meir …
Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt master med gaffelsegl og tre forsegl. Han har permanent baugspryd eller klyverbom. Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var oftast mindre enn kutterane.   Les meir …

Musikk

Cristiano Giuseppe Lidarti (17301793), òg kjent som Christian Joseph Lidarti, var ein austerriksk komponist tå italiensk opphav som i vår tid særleg er kjent for det hebraiske oratoriet Ester. Christoph Giuseppe Lidarti vart fødd den 23. februar 1730. Han gjekk på skule ved cicestiensarklosteret i Klagenfurt og studerte vidare ved jesuittseminariet i Leoben.   Les meir …
Hallvard Ørsal (18761943) var ein spelemann frå Todalen i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmør. Hallvard spela tyskfele dei første åra, men vart rådd til å gå over til hardingfele etter at mange meinte han vart orettferdig vurdert under landskappleiken i Kristiansund i 1905. Frå 1906 til 1924 bruka han mesta berre hardingfela, men med landskappleiken i Molde i 1924 vann han premie på vanleg fele, og han spela mykje på tyskfela att dei siste par tiåra tå livet sitt.   Les meir …
Ludwig van Beethoven (ca 16. desember 177026. mars 1827) var ein tysk komponist i overgangen mellom klassisismen og romantikken. Han er særleg kjent for dei ni symfoniane og klaversonatane sine, men òg blant anna for dei seine strykekvartettane, som ofte går under kallenamnet «Dei galne strykekvartettane». Beethoven blir rekna som ein tå dei aller største komponistane i den europeiske klassiske musikktradisjonen gjønom tidene.   Les meir …
Ole Andreas Lindeman (17691857) var ein organist, pianist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmør. Han var fødd den 17. januar 1769Øye i Surnadal tå foreldra Anne Christine Tangen og den fløyte- og fiolinspelande amatørmusikaren Jacob Madsen Lindeman (17351822) som var sorenskrivarNordmør. Lindeman tok eksamen artium ved Trondhjems Latinskole før han reiste til København i 1788 for å studere ved Universitet i København. Den første tida der studerte han juss og arbeidde som kopist ved Rentekammeret. Etter kvart brukte han stadig meir tå tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev tå kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke i harmonilære og komposisjon og studerte elles klavér og fiolin. Han slutta etterkvart med jusstudia og spela både fiolin og piano på konsertar i København; på klavér spela han til og med ved Hoffet. Han spela òg på ein konsert i Christiania (Oslo) i 1793. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kirkje der i 1799.   Les meir …

 

Kunst og handverk

Edøy gamle kirkje, tidlegare kjent som Edøykirkja (IPA ["e:dʌyçer̥çɔ] (N/A) / ["e:dʌyçer̥çoɲ:]/["e:dʌyçer̥çɑɲ:] (D)), er ei steinkirkje frå tida kring 1190 som ligg på Edøya i Smøla kommuneNordmør. Eit skriv frå 1695 nemner at kirkja vart forlengd med sju alen. Kirkja vart nedlagt i 1885, da den nye kirkjaStraumen stod ferdig, og ho brann etter eit lynnedslag den 14. januar 1887. Alt treverk og interiør anna enn altartavla og nokre få andre gjenstandar gjekk tapt. Altartavla vart øydelagt under den tyske bombinga tå Kristiansund i 1940. Kirkjeruinane vart bruka som lager tå okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1947 vart kirkja oppattbygd med 120 sitteplassar, og ho vart atterinnvigd den 4. juni 1950.   Les meir …
Den noverande Göteborgs synagoga, eller synagogen i Göteborg, vart fullført den 12. oktober 1855 som den tredje synagogen for Judiska församlingen i Göteborg. Synagogen, som erstatta den tidlegare synagogen i Kyrkogatan 44 (18081855) vart tekna tå den tyske arkitekten August Krüger. Til forskjell frå dei aller fleste ortodokse synagogar vart det bygd orgel i den nye synagogen. Orgelet var eit 13-stemmors mekanisk pipeorgel frå Marcussen & Sohn med klingande fasade.   Les meir …
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten tå Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskriven tå ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving tå visse typar dokument på hebraisk.   Les meir …
Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmør og tildels Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjennetekna tå skroget, som er snidbetna, og lårseglet. Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, løer og andre uthus. Båtmaterialane har vorte bruka på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling tå båtdeler viser lita endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte bruka til å byggje oppatt båtar.   Les meir …

 

Populære sidor

  1. Synagoge ‎(4 034 visingar)
  2. Jødedom ‎(3 570 visingar)
  3. Jiddisch-norsk ordbok - P ‎(3 259 visingar)
  4. Portugisarjødar ‎(2 974 visingar)
  5. Geitbåt ‎(2 721 visingar)
  6. Islām ‎(2 461 visingar)
  7. Jiddisch-norsk ordbok - A ‎(2 260 visingar)
  8. Sikhisme ‎(1 929 visingar)
  9. Pesaḥ ‎(1 921 visingar)
  10. Kva er ein synagoge ‎(1 638 visingar)
  11. Buddhisme ‎(1 589 visingar)
  12. Indisk mat ‎(1 501 visingar)
  13. Det osmanske riket ‎(1 481 visingar)
  14. Ḥanukká ‎(1 426 visingar)
  15. Generelt om jødedom ‎(1 418 visingar)
  16. Regina Jonas ‎(1 349 visingar)
  17. Jødisk mat ‎(1 348 visingar)
  18. Synagogen i Arkitekt Christies gate i Trondheim ‎(1 303 visingar)
  19. Hinduisme ‎(1 287 visingar)
  20. Sjabungót ‎(1 284 visingar)
  21. Tallét ‎(1 256 visingar)
  22. Sefer ‎(1 249 visingar)
  23. Nordmør ‎(1 247 visingar)
  24. Ḥasidisk jødedom ‎(1 238 visingar)
  25. Bahá’ítru ‎(1 216 visingar)
  26. Jødekakor ‎(1 199 visingar)
  27. Romanifolk ‎(1 180 visingar)
  28. Sjabbát ‎(1 174 visingar)
  29. Jiddisch-norsk ordbok ‎(1 142 visingar)
  30. Oktant ‎(1 130 visingar)
  31. Fjording ‎(1 097 visingar)
  32. Samar ‎(1 076 visingar)
  33. Draft ‎(1 071 visingar)
  34. Hemne prestegjeld ‎(1 052 visingar)
  35. Hebraisk ‎(1 024 visingar)
  36. Veiholmen ‎(1 018 visingar)
  37. Religion ‎(1 006 visingar)
  38. Ortodoks jødedom ‎(1 004 visingar)
  39. Borecas ‎(996 visingar)
  40. Bacalao ‎(974 visingar)
  41. Sauehald ‎(963 visingar)
  42. Asjkenazím ‎(937 visingar)
  43. Kasjrút ‎(937 visingar)
  44. Jiddisch ‎(912 visingar)
  45. Aasmund Olavsson Vinje ‎(910 visingar)
  46. Jackie Tabick ‎(910 visingar)
  47. Haredyr ‎(906 visingar)
  48. Romsdaling ‎(902 visingar)
  49. Rekonstruksjonistisk jødedom ‎(901 visingar)
  50. Torá ‎(872 visingar)
  51. Jødar ‎(865 visingar)
  52. Harimandir Sāhib ‎(860 visingar)
  53. Sefardím ‎(839 visingar)
  54. Kultur ‎(835 visingar)
  55. Miljø ‎(828 visingar)
  56. Tørrfisk ‎(822 visingar)
  57. Jødestjerne ‎(813 visingar)
  58. Sau ‎(806 visingar)
  59. Grindverk ‎(804 visingar)
  60. Georg Friedrich Händel ‎(790 visingar)
  61. Kristendom ‎(789 visingar)
  62. Emanuel Mendez da Costa ‎(788 visingar)
  63. Kleppfisk ‎(777 visingar)
  64. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamborg ‎(774 visingar)
  65. Kohén ‎(774 visingar)
  66. Rommani ‎(774 visingar)
  67. Sukkót ‎(770 visingar)
  68. Lefse ‎(759 visingar)
  69. Saltfiskball ‎(759 visingar)
  70. Mezuzá ‎(755 visingar)
  71. Tefillín ‎(755 visingar)
  72. Ḥaróset ‎(753 visingar)
  73. Hekhál ‎(750 visingar)
  74. Jødisk fornying ‎(748 visingar)
  75. Masorti jødedom ‎(748 visingar)
  76. Norsk-engelsk temaordliste ‎(730 visingar)
  77. Abraham Geiger ‎(729 visingar)
  78. Kollhuve ‎(726 visingar)
  79. Aasmund Olavsson Vinje: «Blåmann, Blåmann, bukken min» ‎(718 visingar)
  80. Al-Qur’ān ‎(715 visingar)
  81. Gurmukhī ‎(713 visingar)
  82. Lårsegl ‎(707 visingar)
  83. Tenákh ‎(707 visingar)
  84. Wilhelm Lund ‎(702 visingar)
  85. Hardangerjakt ‎(701 visingar)
  86. Fosen ‎(698 visingar)
  87. Wilh. Lund: «En røgstue paa Nordmøre» ‎(698 visingar)
  88. Harar ‎(697 visingar)
  89. Innersetra på Tustna ‎(683 visingar)
  90. St. Eystein kirkje i Kristiansund ‎(677 visingar)
  91. Gurū Nānak Dēv ‎(675 visingar)
  92. Pandjābī ‎(667 visingar)
  93. Ris ‎(658 visingar)
  94. Skonnert ‎(658 visingar)
  95. Tingvoll kommune ‎(657 visingar)
  96. Midt-Noreg ‎(655 visingar)
  97. Samōsā ‎(648 visingar)
  98. Kastiljansk ‎(645 visingar)
  99. Leví ben Geresjón ‎(645 visingar)
  100. Jiddisch-norsk ordbok - J ‎(643 visingar)

ਸੇਵਾ · DUGNAD · צדקה

Nettstaden Safon.org blir driven på frivillig basis. Du kan hjelpe til på fleire måtar:

Skriv: Om du har kunnskapar om musikk- og/eller kulturhistorie, skandinavisk kystkultur, religion/livssyn (inkludert bahá’ítru, buddhisme, islam, jødedom, sikhisme o.a.) eller urfolk og minoritetar (inkl. samar og reisande), og du godtek retningslinone, så er du velkommen til å laga deg brukarkonto og vera med og skrive.

Kjøp og lær: Om du gjerne vil lære meir og samtidig støtte arbeidet med Safon.org økonomisk, så kan du kjøpe bøker på Hassafon Forlag sin nettbutikk. Så langt finst det ei bønebok for fredag kveld, ei novelle tå¨Grace Aguilar og ei bok om norsk vokal folkemusikk der.   For fleire bøker om religion og kultur med hovudvekt på sefardisk jødedom og sikhisme, sjå Safon web shop.

Tikkún ngolám: Om du vil gjera ei god gjerning generelt, så besøk gjerne The Hunger Site og klikk for å hjelpe sveltande menneske i den tredje verda. (Det er gratis.)

Les meir om korleis du kan hjelpe...

Andre wikiar

WIKIPEDIA: nynorsk · bokmål · svensk · dansk · færøysk · islandsk · nordsamisk · finsk · engelsk · jiddisch · nederlandsk · plattysk · tysk · djudíospanjol · fransk · kastiljansk · portugisisk · hebraisk

ANDRE: Farmasihistorie.com · Kunsthistorie.com · Lokalhistoriewiki.no



Personlege verktøy
På andre språk