Kasjrút
Frå Safon.org
Kasjrút (kašrút, kashrut, kaschrus, kashrus, kashruth) er dei jødiske forskriftene om kva som er rituelt reint og ureint.
Innhaldsliste |
[endre] Kasjrút — enkelt oversyn
- Vegetabilsk mat er kasjér
- Sjømat er berre kasjér om han har skjel (rist) og finnar
- Av kjøt av dyr kan berre kjøtet av klauvdyr (partåa hovdyr) som jortar (tygg drøv) vera kasjér
- Av fuglar kan hønsefuglar, ender og gjæser etast
- For å vera kasjér må kjøtet komma frå dyr som er slakta etter jødiske føreskrifter — sjå sjeḥitá
- Egg av reine dyr er kasjér om dei er frie for blod.
- Mjølkeprodukt må komma frå reine dyr
- Bland ikkje mjølk og kjøt i same måltid
- Kok ikkje nye matretter på sjabbát
- Når det er pesaḥ (påske) et ein berre usyra mat
[endre] Vegetabilsk mat
Vegetabilsk mat er stort sett alltid kasjér. (Men for pesaḥ (påske) gjeld det spesielle reglar.) På grunn av at småkryp absolutt ikkje skal etast etter jødisk tradisjon, må grønsaker som blomkål og salat vaskast og kontrollerast ekstra nøye. Vegetabilsk mat blir rekna som parve, og kan dermed brukast både i måltid med mjølk og i måltid med kjøt.
Vin av druer eller rosiner og alle produkt som inneheld vin eller druesaft er berre kasjér om dei er produserte under kontroll av ein rabbinar.
| Kasjér: all ubehandla frukt og alle ubehandla grønsaker; kasjér-merka vin, kasjér-merka vineddik og kasjér-merka druesaft. | Kasjér berre om spesifikt sertifisert: Vin basert på druer eller rosiner; druesaft og alle produkt som inneheld druesaft; vineddik og alle produkt som inneheld vineddik. | Lo kasjér: Ikkje kasjér-merka vin, druesaft og vineddik; Mozell, hushaldningssaft (inneh. druesaft). |
[endre] Sjømat
Sjøplantar kan etast. Av dyr som lever under vatn kan berre det som har skjel (rist) og finnar etast:
| Tahór: Torskefiskar: bleikje (kviting, +hvitting); brosme; hyse (kolje); lange; lyr; sei; torsk; Laksefiskar: aure (+ørret); laks; *regnbogeaure; +regnbueørret; sjørøye. Sildefiskar: ansjos; sardiner; sild. Andre: bonito; gjedde; karpe; kveite; makrell; tunfisk. | Lo tahór: Breiflabb; brugde; hai; håkjerring; rokke; sjøku; skate; steinbit; stør (inkludert russisk kaviar); sverdfisk; ål. Havpattedyr: delfin; dugong; kobbe; kval; kvalross; nise; oter; rossmål; sel; sjøku. Alle skaldyr, skjel og blautdyr er tamé: akkar; blekksprut; blåskjel; *hummar; +hummer; kamskjel; krabbe; kreps; kråkebolle; musling; reker; østers. |
[endre] Kjøt
For å vera kasjér må kjøttet komma frå tahóre dyr som er slakta etter jødiske forskrifter. Blod skal ikkje etast.
[endre] Pattedyr
3. mosebok, kap. 11:
2 Sei til israelittane: Desse kan de eta av alle dyreslag på jorda: 3 Alle dyr som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og jortar, dei kan de eta. 4 Det er berre desse de ikkje må eta av dei som jortar og dei som har klauver: kamelen, for han jortar nok, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein; 5 og fjellgrevlingen, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein; 6 og haren, for han jortar, men har ikkje klauver; han skal de halda for urein; 7 og svinet, for det har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. 8 Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira må de ikkje røra. Dei skal de halda for ureine.
5. mosebok, kap. 14:
4 Dette er dei dyra de kan eta: okse, sau, geit, 5 hjort, gasell, dådyr, steinbukk, antilope, villokse og villgeit. 6 Alle dyr som har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta. 7 Av dyr som jortar, og av dyr med klauver som er kløyvde heilt igjennom, er det berre desse de ikkje må eta: kamelen, haren og fjellgrevlingen, for dei jortar nok, men har ikkje klauver; dei skal de halda for ureine. 8 Like eins svinet, for det har klauver, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og når de er daude, må de ikkje koma nær dei.
| Tahór: Alle jortande (drøvtyggjande) klauvdyr som har klauvar som er fullstendig kløyvde — f.eks. småfe (sauer og geiter), storfe (ku, okse, kalv), bøffel, bison, antilopar (kudu, gnu, gaselle), hjortedyr (hjort, rådyr, dådyr, elg, rein) og sjiraffdyr (sjiraff og okapi). | Lo tahór: Alle klauvdyr som ikkje jortar og/eller som ikkje har gjennomkløyvde klauvar (svin, kameldyr (kamel, dromedar, lama, alpakka, vikunja); alle dyr med udelte hovar (f.eks. hest, zebra, esel); alle pattedyr med potar, klør eller vengjer (rovdyr, kanindyr, gnagarar, insektetarar, flaggermus o.a.); alle sjøpattedyr (kval, sjøku, dugong, kvalross, sel o.a.) |
[endre] Fuglar
Av fuglar kan hønsefuglar, ender og gjæser etast. Sefardisk jødedom baserer skiljet mellom tahóre og tamé fuglar på fysiologiske trekk, medan asjkenazisk jødedom i tillegg krev at det må vera ein allereie eksisterande minhág (tradisjon) for å eta kvart fugleslag.
3. mosebok, kap. 11:
13 Dette er dei fuglane de skal ha avsky for — dei må de ikkje eta, for dei er ein styggedom: ørna, lammegribben og svartgribben, 14 glenta og alle slag falkar, 15 alle slag ramnar, 16 strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, 17 kattugla, skarven og hubroen, 18 slørugla, pelikanen og åtselgribben, 19 storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.
5. mosebok, kap. 14:
11 Alle reine fuglar kan de eta. 12 Men desse fuglane må de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben, 13 glenta og alle slag falkar, 14 alle slag ramnar, 15 strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar, 16 kattugla, hubroen og slørugla, 17 pelikanen, åtselgribben og skarven, 18 storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa. 19 Alt kryp som har venger, skal de halda for ureint. Det må ikkje etast. 20 Men alle reine fuglar kan de eta.
Vi ser her at rovfuglar, åtselfuglar og altetande sjøfuglar er tamé.
| Tahór: and; due; fasan; høns (hane, høne, kylling); kalkun; gås; vaktel. | Lo tahór: Falk; glente; gribb (lammegribb, svartgribb, åtselgribb); hauk; hegre; hærfugl; måse (inkl. måseegg); pelikan; ramn (inkl. kråker, skjorer, kaier o.a.); +ravn; skarv; stork; struts; ugle (hubro, kattugle, slørugle); ørn. |
[endre] Egg
Egg av reine dyr er kasjér om dei er heilt frie for blod. Hønseegg, gåseegg, andeegg og kalkunegg er dermed kasjér, så lenge dei ikkje inneheld blod. Måseegg er ikkje kasjér. Om det er ein drope blod i eggekviten, skal blodet fjernast. Om det er så mykje som éin drope blod på eller i plommen, er heile egget taréf og blir ikkje bruka til mat. Russisk kaviar er laga av egg frå stør (ein tamé fisk), og er dermed ikkje kasjér. Når ein kokar egga heile, skal ein alltid koke minst tre (3) egg, slik at om eit av dei inneheld blod, så kan ein i det minste gå ut frå at fleirtalet av egga var kasjér.
Egg er parve, og kan dermed brukast til både mjølkemåltid og kjøtmåltid — sjå nedanfor.
[endre] Mjølk og mjølkeprodukt
[endre] Lyt komma frå tahóre dyr
For at mjølk skal vera kasjér, må ho komma frå tahóre (rituelt reine) dyr — det vil seie dyr som har kløyvde klauvar og som jortar (tygg drøv). Med andre ord er mjølk av storfe, sau og geit i utgangspunktet kasjér, men mjølk frå hest og svin er tamé og skal ikkje drikkast.
[endre] Bland aldri mjølk og kjøt
I Toráen finn vi denne setninga 3 gonger: «Ló tebasjél gedí baḥaléb immó.» (2. mos. 23:19; 2. mos. 34:26; 5. mos. 14:21.) Ordrett omsett tyder dette «Ikkje kok kje i mjølka åt mor si.» Dette er basis for det jødiske tabuet mot å blande mjølkeprodukt og kjøtprodukt i same måltid.
[endre] Lenkjer
[endre] Om kasjrút generelt
- Kashrut.org – ein viktig nettstad for spørsmål om kasjrút frå eit primært sefardisk perspektiv
[endre] Lister over kasjér mat i skandinaviske daglegvareforretningar
- DMT Oslos liste over kosher mat i vanlige norske butikker.
- Judiska församlingens kashrutinformation - Stockholm, Sverige
Listan är sammanställd av Rabbin Meir Horden.
[endre] Lister over tilsetningsstoff
- «Jødiske og muslimske regler - tilsetningsstoffer» frå Matportalen.no
