Karnatisk musikk - Safon.org

Karnatisk musikk

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
Kvinne frå Kerala spelar vina.
Kvinne frå Kerala spelar vina.
Den kjende karnatiske songaren K.B. Sundarambal.
Den kjende karnatiske songaren K.B. Sundarambal.

Karnatisk musikk er ein sørindisk klassisk musikktradisjon som byggjer på rāgam- og tālamsystema. Karnatisk musikk skil seg frå den nordindiske klassiske hindustanimusikken blant anna ved den større vekta på samsvar mellom praksis og musikkteori og ved den mykje meir stringent strukturerte musikkteorien. Den karnatiske musikken er først og fremst av religiøs natur, med hinduistiske lovsongar som hovudsjanger. Sekulære verk inkluderer først og fremst humoristiske komposisjonar, filmmusikk eller barnesongar.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Historia åt karnatisk musikk går tilbake til om lag 2000 fvt. og til opphavet som andeleg ritual i tidleg hinduisme. Den karnatiske musikken og den nordindiske musikken utvikla seg saman or Sama Veda-tradisjonen fram til den mongolske invasjonen av Nord-India kring begynnelsen av 1200-talet evt. Frå da av vart utviklinga av indisk musikk splitta i to hovudgreiner, og den nord-indiske musikken (både i si muslimske og hinduistiske form) kom til å bli mykje påverka av arabisk musikk.

Det er fleire teoriar om opphavet åt namnet karnāṭaka sangītam (sanskrit कर्नाटक संगीतं). Hovudteorien er, logisk nok, at det heng saman med at denne musikkforma har sitt direkte opphav i Karnataka. Andre teoriar inkluderer samanheng med sanskritord med tydingane ‘å gleda øyra’ og ‘tradisjonell’.

[endre] Teori

Karnatisk musikkteori kan vera vanskeleg for dei som har bakgrunn i vestleg musikktradisjon å skjøna og blir ofte misforstått. Grunnen til det er at karnatisk musikk ikkje er basert på den same oppfatninga som europeisk musikk er. Mange omgrep i europeisk musikk har ikkje liketydige omgrep i karnatisk musikk. Dei fleste orda frå grunnterminologien i europeisk musikk kan derfor ikkje brukast for å skildre karnatisk musikk.

Karnatiske tonar og den karnatiske skalaen er basert på to omgrep, sjruti og svara, som står i forhold til kvarandre. Karnatiske melodiar er basert på rāga, og rytmen i karnatisk musikk er basert på tāla.

[endre] Karnatiske tonar og melodiar

I motsetnad til vestleg musikk har moderne karnatisk musikk ikkje kategoriar som er liketydige med tonika eller tonearten. Karnatisk musikk har berre ein grunnskala som er basert på den karnatiske tonen 'sjadjam', forkorta til 'sa' (som liknar tonen 'C' i vestleg musikk). Skalaen har tre toneregister, som grovt sett svarar til dei tre oktavane låg C, høg C, og normal C.

[endre] Sjruti, svara og svarasthāna

Sjå òg sjruti, svara

Ordet sjruti er i dag bruka i tydinga eitt av dei tre toneregistra eller, meir presist, tonen 'sa' i det registret, som stemmer andre tonar i skalaen. I gammal indisk musikkteori var kvart register delt opp i 22 einingar som òg heitte sjrutiar. Desse sjrutiane var ikkje tonar, men berre eit mål av avstanden frå ein tone til den neste. Plasseringa til kvar tone i den gamle skalaen vart rekna i forhold til kor mange sjrutiar som kom mellom den tonen og den førre. Mange indiske musikkteoretikarar hevdar at sjruti-omgrepet berre var nyttig i gammal indisk musikk og ikkje har noko samband med moderne karnatisk musikk, men det er ganske vanleg å bruke sjrutiar i musikkteoribøker for å skildre den moderne karnatiske skalaen òg.

Dei tolv karnatiske svarasthanaene
Namn Symbol Vestleg tone
Sjadjam Sa C
Suddha Risjabham Ri1 D♭
Tjathusruthi Risjabham el.
Suddha Gandharam
Ri2 /
Ga1
D
Sadharana Gandharam el.
Sjatsjruthi Rishabham
Ga2 /
Ri3
D♯
Anthara Gandharam Ga3 E
Sjuddha Madhyaman Ma1 F
Prathi Madhyamam Ma2 F♯
Pantjamam Pa G
Sjuddha Daivatham Da1 A♭
Tjathusjruthi Daivatham el.
Suddha Nisjadham
Da2 /
Ni1
A
Kaisiki Nisjadham el.
Sjatsruthi Daivatham
Ni2 /
Da3
A♯
Kākali Nisjadham Ni3 B

Den karnatiske skalaen er bygd opp av sju svaraer, som ein kan samanlikne med dei sju tonane i vestleg musikk. Svaraene er kjente under namna sine og med forkortingane til namna som er bruka som solfège. Namna og forkortingane er sjadjam (sa), risjabham (ri), gāndhāram (ga), madhyamam (ma), pantjaman (pa), dhaivatam (da), og nisjādham (ni). Eit gammalt sanskritvers fortel kva svaraene sine lydar er baserte på:

षड्जं मयूरो वदति गावो ऋषभभाशिणः
अजाविकंतु गांधारं क्रौंचः क्वणति मध्यमं
पुष्पसाधारणे काले पिकः कूजति पंचमं
धैवतं हेषते वाजी निषादं बृंहते गजः

Sjadjam er påfuglen si røyst, kyr sin tale er risjabham,
geiter mekrer gāndhāram, traner kvittrar madhyamam.
Nattergalen syng pantjaman når blomane vaknar
hestar sitt knegg gjev dhaivatham, og elefantar rumlar nisjādham.

Sjølv om ordet svara kan samanliknast med tone, tyder dei ikkje det same. Ein svara omfattar mange ulike tonar med bestemte lydar som ligg mellom han og den neste svaraen. Desse tonevariantane heiter svarasthāna. Den karnatiske skalaen har 12 svarasthānaer, som òg grovt sett svarar til dei 12 tonane i den vanlege kromatiske skalaen. Som tabellen viser har kvar svara tre svarasthānaer, med unntak av sa og pa, som berre har ei form, og ma, som berre har to former (som er veldig like rein og forstørra kvart i vestleg musikk).

Namna til svaraene blir bruka i undervisinga og til utanåtlæring og sitat av melodiar og melodiformlar på liknande vis som i klassisk europeisk musikkundervising, men i mykje større grad. I tillegg blir dei bruka som grunnlag for meir omfattande musikknotasjon. Namna og symbola til svarasthānaene blir berre bruka til å skildre rāgaer (sjå nedanfor). I songnotasjon blir berre namna til svaraene bruka. Ein som vil synge ein song i ein ukjent rāga må slå opp rāgaskildringa for å finne ut kva for nokre svarasthānaer han brukar.

[endre] Rāgam (raga): tonalt modus

Hovudartikkel: rāga

[endre] Melakarta-rāgamar

I karnatisk musikk er sampurna-rāgamane (dei med sju tonar i skalaen) klassifiserte i melakarta-systemet — eit system som grupperer dei etter typane tonar dei har. Det finst 72 melakarta-rāgamar. 36 har rein kvart (suddha madhyanam) som fjerdetrinn og 36 har forstørra kvart (prathi madhyanam) som fjerdetrinn. Rāgamane er vidare klassifiserte i grupper med 6 rāgamar i kvar som blir kalla tjakraer (‘hjul’ — sjølv om dei konvensjonelt blir attgjevne som sektorar) baserte på andre og tredje trinnet i skalaen.

[endre] Hierarki

Det høgste nivået i rāgam-hierarkiet er melakarta, ettersom melakartaene har sju tonar i skalaen og brukar kvar tone éin gong i arohanam (oppgang) og éin gong i avarohanam (nedgang). Rāgamar som manglar noko trinn i skalaen (varja-rāgamar, med fem eller seks trinn i skalaen) eller som har ulik opp- og nedgang (vakra-rāgamar) blir med ein samleterm kalla janya-rāgamar — eller «barnerāgamar».

I kvar rāgam er det oftast berre ein variant av kvart trinn, men i «lette» rāgamtypar som Behag er det ulike trinnvariantar for arohanam (oppgang) og avarohanam (nedgang). Ein rāgam kan elles ha 5, 6 eller 7 skalatrinn i arohanam og 5, 6 eller 7 skalatrinn i avarohanam.

[endre] Rytmen i karnatisk musikk: thālam og jāthi

Mridangam er eit viktig rytmeinstrument.
Mridangam er eit viktig rytmeinstrument.

På same måte som rāgamane gjev rammeverk til melodiane i karnatisk musikk, gjev thālam (tala) rammeverk til rytmen. Tālamane er meir strukturerte enn rytmen i vestleg musikk og har meir innverknad på stemninga i ein song.

Vanlege tālamar brukar tre slags takter med forskjellige lengder: kort (anudrtam), middels (drtam) og lang (laghu). Den grunnleggande eininga for å måle taktlengda i karnatisk musikk heiter aksjaram. Korttakta er eit aksjaram lang, middelstakta er to aksjaramar lang og langtakta kan vera tre, fire, fem, sju eller ni aksjaramar lang.

Karnatisk musikk har sju grunnleggande tālamar som brukar ulike kombinasjonar av desse tre taktene. Frå kvar av desse tālamane kan ein laga fem variantar, ein for kvar av dei fem lengdene som langtaktslaget kan ha. Desse variantlengdene heiter jathi (sjå boks 2 og 3). Rytmen som er bruka i ein karnatisk song er skildra med bruk av både tālam og jathi, som «Tjatusjra Jathi Triputa Tālam». Karnatisk musikk har derfor til saman 35 tālamar.

Boks 2: Karnatiske talamar   Boks 3: Karnatiske jathiar
Tālam Takter   Jathi Lengd til laghu
Dhruva lang, middels, lang, lang      
Matya lang, middels, lang   Thisra 3
Rupaka middels, lang   Tjatusra 4
Jampa lang, kort, middels   Kanta 5
Triputa lang, middels, middels   Misjra 7
Ata lang, lang, middels, middels   Sankīrna 9
Eka lang      

[endre] Musikkformer

[endre] Songtypar og språkform

Karnatiske komponistar er tradisjonelt inspirerte av religiøs tilbeding og er tradisjonelt solid skolerte i telugu eller sanskrit. Andre språk, som til dømes tamil og kannada kan òg stundom bli bruka.

Komponistane har tradisjonelt inkludert ein mudra (signatur) i komposisjonane sine. For eksempel inneheld alle songar av Tyagaraja ordet Tyāgarāja, og alle songar av Muthuswami Dikshitar inneheld orda guru guha.

[endre] Kīrthanam

Karnatiske songar varierer i oppbyggjing og stil, men dei inneheld oftast tre strofer:

  1. Pallavi (पल्लवि). Dette svarar til refreng i vestleg musikk. Pallavien er på to liner.
  2. Anupallavi (अनुपल्लवि). Andre strofa. Er òg på to liner.
  3. Tjaraṇam (चरणं). Denne siste (og lengste) strofa avrundar og konkluderer songen. Tjaraṇam låner gjerne element frå anupallavi og er oftast på tre liner.

Denne songtypen er kalla kīrthanam (sanskrit कीर्तनं kīrtanaṃ). Men dette er berre éi av fleire mulege former av kīrthanam; — nokre kīrthanam-songar, slik som «Sārasamuki sakala bhāgyadē», har ei ekstra strofe mellom anupallavi- og tjaraṇam-strofa. Denne strofa blir kalla tjiṭṭasvaram (sanskrit चिट्टस्वरं tjiṭṭasvaraṃ). Denne strofa inneheld berre melodi utan vanlege ord. Andre songar att, slik som t.d. «Rāmatjandram bhāvayāmi», har ei ekstra strofe etter tjaraṇam. Denne strofa blir kalla madhyamakālam. Ho blir sungen rett etter tjaraṇam og i dobbelt tempo.

[endre] Andre songtypar

Andre typar songar inkluderer gītham og svarajati.

[endre] Karnatiske konsertar

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innholdet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrot, så meld straks frå til YouTube.

Mridanga Arangetram av S. Surenthar. Musikarar: Shri Harish Ganapathy (song), Shri Vittal Ramamurthy (karnatisk fiolin), Shri S. Surenthar (mridangam), Shri V. Sajeev (kandjira), Shri I. Ramana (ghatam), Shri T. Sujeenthar (morsing) og Kmr. Tanya Sukumar Aloysius (tambūram)

[endre] Instrument

Hovudartikkel: Indiske musikkinstrument

Karnatiske konsertar blir vanlegvis framførte av ei lita gruppe musikarar. Dei treng ikkje å ha øvd saman tidlegare; mange konsertar er faktisk første gongen dei ulike musikarane treffer kvarandre.

I gruppa finn ein vanlegvis ein songar, eit hovudinstrument og ein som spelar tromme, nemnde i rekkefølgje etter kor viktige dei er. Hovudinstrumentet er ofte strengeinstrument som ein vīṇam eller ein karnatisk fiolin, men blåseinstrument som ei bambusfløyte kan òg brukast. Perkusjonsinstrument, som mridangam og ghatam, blir bruka for å hjelpe songaren å følgje rytmen, men dei kan òg improvisera åleine.

At songaren er viktigast, viser tilbake til den karnatiske musikken sine røter i Samaveda. Om ein spelar melodien på eit instrument, utfører ein berre ei instrumental tolking av den viktige songen. Likevel har reine instrumentalkonsertar vorte populære i nyare tid.

[endre] Innhald

Konsertar startar mesta alltid med ein song til Ganapathi, guden for gode byrjingar og som fjernar hindringar. Vināyakā ninnuvinā brōtjuḍaku, vātāpi gaṇapatiṁ og gam gaṇapatē er nokre av dei mange songane som blir bruka til dette.

I midtdelen har ein ei rekkje komposisjonar, gjerne med ulike kjensler som svarar mot kvarandre. Ein syng gjerne ein rāgam før kvar av desse komposisjonane og kalpanāsvaram etterpå.

Ein avsluttar med ein lystig song, tillana, og deretter ein mangaḷam, ein song med gode ønskje.

[endre] Karnatisk musikkundervisning

Tradisjonelt kjem ein som studerer karnatisk musikk heim til læraren sin for å få undervisning. Lærar og elev sitt overfor kvarandre på ei matte på golvet. Læraren gjev rytmen ved å spela på ein tambūrā eller skru på ein sjrutiboks. Eleven syng ein langtrukken “Sā...Pā...Sā (høg oktav)...Pā...Sā...” og timen tek til.

I moderne tid har ein fått andre måtar å halde timar på. Det er no vanleg med undervisning over telefonen, gjennom e-post eller ved å bruke webkamera.

[endre] Musikknotasjon

[endre] Historisk oversyn

I motsetnad til kva mange trur, så er ikkje notasjon eit nytt konsept i indisk musikk. Endatil Vēdaene, sjølv om dei hovudsakleg var munnleg traderte, var skrive med enkel notasjon av intonasjonen. Idéen om musikalsk notasjon i karnatisk musikk vart likevel ikkje godt motteken, og karnatisk musikk var framleis munnleg tradert i fleire århundre. Bakdelen med dette systemet var at om ein ville lære ein kīrtanam av, for eksempel, Purandara Dasa, så laut ein finne Purandara Dasas students students ... students student — om nokon slik framleis fanst!

Skriftleg notasjon av karnatisk musikk vart atteroppliva på seint 1600-tal, under styret til Shahaji II i Tanjore. Avskrifter av musikkmanuskripta til Shahaji finst framleis i Saraswati Mahal-biblioteket i Tanjore, og dei gjev oss eit inntrykk av musikken og musikkstrukturen. Dei inneheld hovudsakleg korte rekkjer av solfège til bruk for oppføring av dei nemnde rāgamane.

[endre] Ein moderne notasjonsmåte

Alfabet Skalatrinn
 1234567
Devanagari:रिनि
Telugu:రిని
Tamil:ரிநி
Kannada:ರಿನಿ
Malayalam:രിനി
Latinsk:srgmpdn

[endre] Melodi

I motsetnad til vestleg musikk, så blir karnatisk musikk notert mesta utelukkande i solfège — sjølv om talrike forsøk har vorte gjort på å transkribere musikken med vestleg femliners musikknotasjon. I dei meir nøyaktige formene av karnatisk notasjon finst det symbol over notane som viser korleis notane skal syngast. Dette meir omstendelege systemet blir oftast sett bort frå i meir uformelle samanhengar.

For å vise lengda av ein note kan fleire metodar bli bruka. Om noten blir sungen dobbelt så lenge som referanseverdien, blir notebokstaven anten skriven som versal (stor bokstav — bruka ved notasjon i det latinske alfabetet) eller lengd med eit diakritisk teikn (ved notasjon i indiske skriftsystem). Ved tredobbel notelengd legg ein til eit komma etter teiknet for den doble verdien. Firedobbel lengd blir markert som dobbel lengd etterfølgd av eit semikolon. På dette viset kan alle notelengder bli noterte med ein serie av komma og semikolon.

I nyare tid har ein annan, lettare metode komme i bruk. Denne metoden ser bort frå diakritiske teikn, store bokstavar og semikolon, men markerer all lengd med eitt komma per ekstra lengdeeining. Dermed vil for eksempel ein med ei lengd på fire einingar bli notert som «S , , , ».

[endre] Rytme

Notasjonen er inndelt i kolonner ut frå strukturen av tālamen. Skiljet mellom ein laghu og ein dhṛtaṃ er vist ved ein । (ein såkalla «ḍaṇḍā»), og same skiljet blir bruka mellom to dhṛtaṃar eller ein dhṛtaṃ og ein anudhṛtaṃ. Slutten av ein syklus blir markert med ein ॥. Dette teiknet blir kalla ein dobbel ḍaṇḍā og ser ut som ein cesur.

[endre] Viktige komponistar

[endre] Den første store komponisten

[endre] Dei tre klassikarane

[endre] Andre viktige komponistar

[endre] Kjente utøvarar

[endre] Songarar

[endre] Mannlege songarar

[endre] Kvinnelege songarar

[endre] Instrumentalistar

[endre] Chitravina (gotuvadam)

[endre] Karnatisk fiolin

[endre] Moderne vestlege instrument

[endre] Hør eksempel

Mal:Hør



GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Karnatisk musikk» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy