Karma - Safon.org

Karma

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Karma (sanskrit: कर्म, av rota kri, ‘å gjera’, ‘gjerning’) er eit omgrep i fleire austlege religionar. Karma er summen av alt eit individ har gjort eller gjer. Karma verkar inn på framtidige hendingar og gjev individet ansvar for eige liv. I religionar med reinkarnasjon omfattar karma tidlegare og framtidige liv òg.

Karma står sentralt i hinduismen, sikhismen, buddhismen og djainismen. Alle levande vesen har ansvar for sin karma og for si frelse eller frigjering frå saṁsāra. Som omgrep kan karma sporast tilbake til dei tidlege Upanisjadane. Ein tidleg og dramatisk illustrasjon av karma finn vi i det hinduistiske verket Mahābhārata. Idéen om karma vart popularisert i Vesten gjennom arbeidet til Det teosofiske selskapet og er vanleg i New Age-religionar.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Karma» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens.
Personlege verktøy