Karl Herschel
Frå Safon.org
Karl Herschel (1821/22–1891), òg kjend som Kiewe Herschel, var ein bukovinskfødd norsk jøde som blant anna er kjent for å ha skrive boka Nyt Lys. De fem Mosebøger og for ordskiftet sitt med Bjørnstjerne Bjørnson.
Karl Herschel vart fødd i 1821 eller 1822 i Czernowitz (no Cernăuţi i Romania) i Bukowina i det daverande Austerrike-Ungarn. Kring 1852 gifta han seg med Anna Kaufmann frå Brody i Galicja, og dei flytta snart etter til Göteborg. Derifrå flytta dei til Bergen eit par år etter, og med unntak av eit to års opphald budde Karl og familien hans i Bergen fram til Karl dødde i 1891.
Karl og Anna hadde desse borna:
- Leon Herschel, f. 1854 i Brody, forretningsmann og omsettar; gift med Mathilde Hansen, og eldste dotter deira, Augusta Herschel, var mor åt Torborg Nedreaas.
- Rosalie Herschel, f. 1858 i Bergen; gift med Oscar Ourchudesh
- Fanny Herschel, f. 1861 i Bergen; gift med Leo (Leopold) Ourchudesh. Fanny dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
- Sara Herschel, f. 23. juni 1862 i Bergen
- Herman Herschel, f. 1865 i Bergen. Herman var fotograf. Han dødde i gasskammera under andre verdskrigen.
- Ein son fødd i Brody — dødde ung
- Frida Herschel, f. 29. desember 1872 i Bergen
[endre] Verk
- Herschel, Karl: Nyt Lys. De fem Mosebøger. Bergen : Udgiverens Forlag, 1884.
- Herschel, Karl: Israelit : De fem Mosebøger. Efter Talmuds og andre Skrifters Forklaring. Bergen : Udgiverens Forlag, 1889. (Auka utgåve av Nyt Lys.)
[endre] Kjelder
- Mendelsohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, b. 1. Oslo (Universitetsforlaget), 1969.

