Haredyr
Frå Safon.org
| [arnáb] m. | אַרְנָב |
| [arnébet] f. | אַרְנֶֽבֶת |
| Haredyr (Lagomorpha) | |
| |
לֹא טָהוֹר | |
Haredyr (lat. Lagomorpha) er ein pattedyrorden med to familiar, Leporidæ (harar og kaninar) og Ochotonidæ (pikaer eller pipeharar). Haredyra er truleg nærmast i slekt med gnagarar (Rodentia), og fram til tidleg på 1900-talet vart dei båe rekna til superfamilien Glires. Haredyra skil seg frå gnagarar ved ei rad særtrekk:
- Haredyr har fire fortenner i overkjeven, gnagarar har to.
- Skrotum ligg framføre penis på haredyr, gnagarar har skrotum attom penis.
- Haredyr har ikkje penisbein (os baculum)
- Haredyr fordøyer den celluloserike maten to gonger ved at maten først blir fordøydd og ekskrementert i form av cecotropar som så blir oppattetne og fordøydde éin gong til.
[endre] Halakhisk status: lo tahór
- Forboden mat: Alle haredyr hører til kategorien lo tahór etter Toráen. Det vil seie at det er forbode å eta dei eller mjølkeprodukt frå dei etter halakhá og at daude haredyr er rekna som tamé (ureine).
- Tillatne som kjæledyr: Levande haredyr er ikkje tamé i seg sjølve, og det er ikkje noko forbod mot å klappe eit haredyr eller løfte det opp (så lenge ein veit korleis ein skal løfte dei, slik at ein ikkje plagar eller skadar dei). Ein kan gjerne ha kaninar som kjæledyr etter halakhá.
|
[endre] Taksonomi
[endre] Pikaer el. pipeharar (Ochotonidæ)
Ochotonidæ (pikaer eller pipeharar) skil seg ut frå Leporidæ (kaninar og harar) først og fremst ved at dei ofte er ganske høglydte — derav namnet pipeharar. Det finst to slekter, Ochotona og Prolagus.
[endre] Harar og kaninar (Leporidæ)
[endre] Harar
Harar skil seg ut frå kaninar ved at ungane er fødde med full pels og ferdigutvikla augo. Det finst tre ulike slekter av harar: Caprolagus (bristly rabbit eller hispid hare på engelsk), Lepus (vanlege harar og eselharar) og Pronolagus (raudharar).
[endre] Kaninar
Kaninar skil seg ut frå harar ved at ungane er fødde blinde og med lite pels. Det finst åtte ulike slekter av kaninar: Brachylagus, Bunolagus, Nesolagus, Oryctolagus (europeisk kanin, inkludert huskanin), Pentalagus, Poelagus, Romerolagus og Sylvilagus (buskhalekanin).
[endre] Litteratur
- Ulfur Arnason ... [et.al]: «Mammalian mitogenomic relationships and the root of the eutherian tree», i PNAS, 102 (2002), s. 8151–8156. Nettutgåve
- W. H. Li ... [et.al.]: «Molecular phylogeny of Rodentia, Lagomorpha, Primates, Artiodactyla, and Carnivora and molecular clocks», i PNAS, 87 (1990), v. 17, s. 6703–6707. nettutgåve
[endre] Kjelder
| | Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU Free Documentation License. | This article is based entirely or in part on one or more article/s from Wikipedia (see the source section of this article for details) and may be copied, distributed and/or modified according to the conditions established in the GNU Free Documentation License. |
