Joseph Solomon Del Medigo
Frå Safon.org
Joseph Solomon Del Medigo (1591–1655) var ein romaniotisk forfattar, dokter, matematikar, musikkteoretikar og filosof.
[endre] Liv
Joseph Solomon Del Medigo vart fødd den 16. juni 1591 i Candia på Kreta som son av Elijjáhu, rabbinaren av Candi. Joseph fekk ei grundig jødisk så vel som verdsleg utdanning. Ved Universitetet i Padua i Italia, der han vart oppteken som student 15 år gammal, studerte han logikk, naturleg filosofi, metafysikk og divinitet, og deretter eigna han seg til medisin og favorittstudia sine, matematikk og astronomi — det sistnemnte under Galileo Galilei. Medan han studerte i Padua drog han ofte til Venezia og besøkte Leo da Modena, som kom til å få stor innflytelse over han. Da Del Medigo vendte attende til Candia, viste det seg snart upraktisk for honom å vera der med si fritenking og sin preferanse for sekulære emne. I mange år førte han eit omflakkande liv: Først reiste han til Kairo på jakt etter bøker for det innhaldsrike biblioteket han hadde. Der hadde han samkvem med karaittiske tenkjarar, og særleg med ḥakhámen deira, Jacob Iskandari, som han skreiv arbeida sine om mekanikk på oppdrag frå. I Kairo triumferte Del Medigo over ein viss muslimsk professor i ein offentleg debatt om matematikk. I Istanbul òg, der han studerte kabbalá, hadde han først og fremst kontakt med karaím. Han reiste derifrå via Vallachia og Moldavia til Polen og Litauen. I Vilnius vart han tilsett som lækjar for prins Radziwil kring 1620. Det var ei storhending at nokon med slikt vidtfemnande intellekt viste seg i Vilnius. Blant elevane hans kan nemnast Mosjé ben Meír frå Metz. Ein karaitt, Zeraḥ ben Natán frå Trakai, retta ei rekkje spørsmål om vitskaplege emne til Del Medigo. Svara på desse spørsmåla vart samla i boka Elím.
Etter nokre år i Litauen og Polen reiste Del Medigo til Hamborg, der han verka som rabbinar eller predikant for det relativt nyetablerte sefardiske samfunnet. Ein pestepidemi gjorde at han flytta til Glückstadt. Derifrå flytta han så til Amsterdam og verka som rabbinar der nokre få år. Kring 1630 slo han seg ned i Frankfurt am Main, der han frå 1631 verka som lækjar. I 1648 slo han seg endeleg ned i Praha og vart buande der til han dødde i 1655.
[endre] Verk
Joseph Solomon Del Medigo skreiv fleirfaldige vitskaplege verk. Dei fleste av dei er berre kjente frå hans eiga liste over verka sine. Denne lista kan innehalde enkelte doblingar, ettersom det ikkje alltid er muleg å skilje mellom bøker som hadde same namnet:
(Meir kjem...)
