Jon Olsen Mogrinden - Safon.org

Jon Olsen Mogrinden

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Jon Olsen Mogrinden (17941853), mest kjent som Jó Gri’nn, var ein spelemann og skreddar frå Kvenna (oftast skrive «Kvanne») i Stangvik i noverande Surnadal kommuneNordmør. Han var kjent som ein av dei fremste spelemennene på Nordmør i si tid.

Jon Olsen Mogrinden vart fødd utanfor ekteskap i 1794 av mora [?], som var frå husmannsplassen Grinda eller Mogrinda på Kvenna. Han kom i skreddarlære etter at han var konfirmert, og han lærte òg å spela tyskfele. Jó Gri’nn var ein svært stødig spelemann med uvanleg mjuk og fin tone, og han vart stundom samanlikna med storspelemenn som Gottfried Hans Fabian von Eppingen frå Sunndalen og Loms-Jakup.

Sist i 1820-åra byksla Jó plassen Gråva på Kvennalandet. Der vart sonen Ola Kvande fødd i 1834. Ola kom til å bli ein habil spelemann og vart kjent under namnet «Gråvinn»

Jó Gri’nn døde i 1853 og vart gravlagt i ei umerkt grav ved Stangvik kirkje.

[endre] Kjelder

Halse, Leif: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim (Nordmøre Spelemannslag / Rune Forlag), 1973. ISBN 8252300227.

Personlege verktøy