Jiddisch-norsk ordbok - J - Safon.org

Jiddisch-norsk ordbok - J

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search
JIDDISCH · ייִדישׁ

grammatikk

ORDBOK · ווערטערבוך

 A · B · C · D · E · F · G · H 
 I · J · K · L · M · N · O · P 
 R · S · T · U · V · Z 

Kjøp:
Papirutg. til sals

Innhaldsliste

[endre] Ja

  • jabóshe f fastland, kyst
  • jad (pl jedájem) f hand
  • jadàches (pl -n) m avtale; partnerskap, allianse / machn jadàches gjera avtale
  • jádes [pol] = jahàdes [lit] n jødedom (som idé, religion)
  • jáishnitse f eggerøre, eggerett
  • jamm (pl jammen, jammem) m hav / a jamm mit eit hav av (=mykje)
  • jammhunt (pl jammhint) m sel
  • jammkrank adj sjøsjuk
  • jammkrenk f sjøsjuke
  • jammann (pl jammlait) m sjømann
  • jammeidl (pl -ech) n havfrue
  • jammshpaiz f sjømat
  • jarm’lke (pl -s) f kippá, kollhuve, kalott
  • jàrshenen (p gejàrshnt) v.tr arve / Charles Robert Darwin […] hott várshainlech gejàrshnt fun zain groisn zeidn di naigung tsu fòrshn di natúr. Charles Robert Darwin […] arva truleg dragninga mot å forske på naturen frå den store [= berømte] bestefaren sin. (LN 23.12.1994, s. 12)
  • jàshtsherke (pl -s) f firfisle
  • jasine (pl -s) f (treslag:) ask
  • jasinòve adj (om ved:) aske-

[endre] Je

  • jechoiles (pl -n) n mulegheit, kapasitet / jechoiles tsu muligheit for/til å
  • jéder = a jéder pron kvar
  • jéderer pron kvar ein, kvar den
  • jedíe (pl -s) f nyheit / a jedíe tún lata (nokon) vita [nty]
  • jedúe adj.pred kjent
  • jefeifje (pl -s) f skjønnheit
  • jéger (pl =) m jeger
  • jégerai n jakt, jakting
  • jéled (pl jelódem) n barn
  • jelóle (pl -s) f klagerop, jammerskrik / machn jelóles jamre seg
  • jeníke f næring, næringsveg; andeleg næring
  • jenner pron det, det, dei / Er zúcht jennem, vémens geltbaitele er hott gefunnen. Han leita etter den <som> han hadde funne lommeboka til.
  • jérn v (p gejoirn) gjære
  • jérn zich (p hott zich gejért) fylle år, ha gebursdag / Mit mazzl gejért zich! Gratulerer med dagen!
  • jerùshe (pl -s) f arv
  • jesòd (pl jesoides) m grunn, grunnlag, basis
  • jesoime (pl -s) f foreldrelaus jente / jósem (pl jesoimem) m foreldrelaus gut
  • jesúrem pl liding; bekymring
  • jevónish adj gresk-jødisk

[endre] Ji

  • jíched m 1) privatliv, det å vera åleine 2) jød.rel det at to personar som ikkje er av same kjønn og ikkje er ektefellar er åleine i same romet 3) jød.rel det at dei nygifte er åleine saman etter bryllaupsseremonien 4) jød.rel einheit, udelelegheit (Guds –)
  • jíd (pl -n) m jøde; mann, person / Vós vill der jíd? Kva er det han vil? / Der eibiker jíd Den vandrande jøde / Vi ich bin a jíd! Det er heilt sant! [eig. ‘[Så sant] som eg er ein jøde’] / (di) jídn pl jødar, jødane, den jødiske busettinga, det jødiske samfunnet / a jíd dagl De (svært høfleg) / Fun vannen kummt a jid? Kvar er De frå? / reb jíd! dagl Herr…!
  • jidish adj/n jiddisch (språk) / altjidish adj/n gammaljiddisch (1250–1500)
  • jidishkéit n jødiskheit, jødedom (som idé og religion)
  • jidishlech adj tradisjonelt jødisk; på jødisk vis
  • jidishn (p gejidisht) jød.rel omskjera
  • jingl (pl -ech) n gut, gutunge / Dós jingl hott allemen geshribbn a bríf. Guten skreiv [el. har skrive] eit brev til alle saman.
  • jishev (pl jeshúvem) m busetting, landsby; den jødiske befolkninga i Israel/Palestina

[endre] Jo

  • = je ja
  • jodder (pl -s) m = jodre (pl -s) m fruktkjerne
  • jógn v jaga
  • joitse zain (p joitse gevén) v betala tilbake, gjera det ein er pliktig til
  • joitse-min-aklal (pl -n) m unntak
  • joired (pl jòrdem) m person som er vorten fattig; person som er utflytta frå Israel
  • joiresh (pl jòrshem) m arving
  • joisher m rettferd, rettferdigheit / alpi joisher i all rettferdigheit
  • jòm m [hebr. dag] / hájem adv i dag / ad-hájem adv til no, til i dag
  • jómern v jamre
  • jom-voláile adv dag og natt
  • jonkipper m kippúr, forsoningsdag
  • jontev m (pl jontoivem) jom tób, jød. heilagdag, høgtidsdag
  • jòntevdik adj høgtids-; festlig, galla-
  • jó’r (pl -n) n år / Dó hott er, Jánkev, zich shoin oufgehaltn finf jór. Her har han, Jankev, allereie vore i fem år. (Der knecht, s. 11) / Tsu 16 jór iz im tsúfellik araingefalln in hant a verk funem astronòm Herschel, vós hott of dem jungen Darwin gemacht a groisn roishem. Da han var 16 år, fikk han tilfeldigvis eit verk av astronomen Herschel mellom hendene, noko som gjorde djupt inntrykk på den unge Darwin. (LN 23.12.1994, s. 12)
  • jórtsait (pl -n) f årsdag for dødsdag {særleg i samband med foreldra}
  • jórtsait-licht (pl =) n jød.rel. lys som blir tent på årsdagen for ein dødsdag
  • jórtséndling (pl -er) m tiår
  • jósem (pl jesoimem) m foreldrelaus gut / jesoime (pl -s) f foreldrelaus jente
  • jouch (pl -n) f kjøtsuppe
  • Jóvn n Hellas {som jødisk kulturområde} / jevónish adj gresk-jødisk
  • jóvn (pl jevónem) m iron gresk-ortodoks; ukrainar, russar, russisk soldat; bonde / vi a jóvn in sukke hum ubeleileg
  • joch n åk, børtre
  • jóched (pl jechídem) m enkeltperson, individ / bichídes adv åleine / jíched m 1) privatliv, det å vera åleine 2) jød.rel det at to personar som ikkje er av same kjønn og ikkje er ektefellar er åleine i same romet 3) jød.rel det at dei nygifte er åleine saman etter bryllaupsseremonien 4) jød.rel einheit, udelelegheit (Guds –)

[endre] Ju

  • júd (pl -n) m/f jód {10. bokstaven i det hebraiske alfabetet}
  • jung adj ung / Tsu 16 jór iz im tsúfellik araingefalln in hant a verk funem astronòm Herschel, vós hott of dem jungen Darwin gemacht a groisn roishem. Da han var 16 år, fikk han tilfeldigvis eit verk av astronomen Herschel mellom hendene, noko som gjorde djupt inntrykk på den unge Darwin. (LN 23.12.1994, s. 12)
  • jung (pl -en) m gut / jingl (pl -ech) n gut, gutunge / Dós jingl hott allemen geshribbn a bríf. Guten skreiv [el. har skrive] eit brev til alle saman.
  • jungàtsh (pl -es) m ungdom, fyr
  • jungerhéit adv i ungdommen
  • jungermann (pl jungeláit) m ung mann
  • jùngvarg n ungdommar, ungfolk
Personlege verktøy