Jewish Theological Seminary of America
Frå Safon.org
The Jewish Theological Seminary of America
| Motto | וְהַסְּנֶה אֵינֶֽנּוּ אֻכָּֽל (‘Og busken brann ikkje opp’) -Sjemót 3:2 |
|---|---|
| Etablert | 1886 |
| Skuletype | Privat |
| Kansler | Dr. Ismar Schorsch |
| Stad | New York City, New York, USA |
| Heimeside | www.jtsa.edu |
The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske krinsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og andelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Saman med The University of Judaism i Los Angeles and Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Namnet og den grunnleggande ideologien er henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław).
|
[endre] Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau
Rabbinar Zecharias Frankel (1801–1875) høyrde ei tid til den tradisjonelle fløya av den framveksande tyske reformjødedommen. Etter Den andre reformjødiske rabbinarkonferansen i Frankfurt am Main i 1845 trekte han seg derifrå fordi han meinte at syna deira var unødig radikale. I 1854 vart han leiar for eit nytt rabbinsk seminar, das Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). I sitt magnum opus Darkhé hammisjná (‘Misjnáens vegar’) samla han teoretisk underbygnad for synet at halakhá ikkje er statisk, men snarare alltid hadde utvikla seg med dei endra vilkåra i samfunnet elles. Han kalla tilnærminga si til jødedommen «positiv-historisk» — som er å utlegge som at ein skal godta jødisk lov og tradisjon som normative, men samtidig må ein vera open til endringar og utvikling av lova på same historiske vis som jødedommen alltid har stått for.
[endre] Positiv-historisk jødedom i Amerika
Kring same tida i Amerika, stod Sabato Morais i spissen av den konservative reaksjonen på amerikansk reformjødedom. Tidlegare hadde rabbinar Sabato Morais vore ei stemme for moderasjon innanfor reformkoalisjonen. Han hadde vore motstandar av meir radikale endringar, men var open for moderate endringar som ikkje ville verke støytande på tradisjonelle kjensler. Etter at reformrørsla offentleggjorde Pittsburghplattforma, såg Morais det håplause i arbeidet sitt innanfor reformrørsla og begynte arbeidet på eit nytt rabbinsk seminar i New York City. Snart etter slutta rabbinar Alexander Kohut og rabbinar Bernard Drachman seg til arbeidet; begge desse hadde motteke semikhá frå Frankels Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau. Dei utforma studieplanene og filosofien for den nye skulen (1886) med Seminariet i Breslau som mal.
I 1902 tok professor Solomon Schechter over som president ved JTS. I ein serie av artiklar formulerte han ein ideologi for den gryande rørsla. I 1913 stod han i spissen for opprettinga av the United Synagogue of America. (Dette namnet vart i 1991 endra til United Synagogue of Conservative Judaism.)
Blant professorane ved JTS kan bl.a. nemnast Saul Liberman, Alexander Marx, Louis Ginsberg og Louis Finkelstein.
Kring midten av 1900-talet produserte JTS ein radio- og fjernsynsserie med namnet The Eternal Light. Programmet, som inkluderte medarbeidarar som Chaim Potok, Gene Wilder og Elie Wiesel, vart kringkasta på søndagsettermiddagar og vart produsert i over tjue år. I samsvar med jødisk lov, og òg for å skilje programmet ut frå andre trusbaserte kringkastingsseriar, var det ikkje preiking og bøn der; ein tok heller utgangspunkt i historisk skjønnlitteratur og skapte drama med fokus på sosiale spørsmål. Programma la vekt på jødiske helgedagar og på særpreget ved jødisk tru og liv, men var lagt opp slik at dei òg hadde appell til menneske av andre religionar.
[endre] Sjå òg
- Jüdisch-Theologisches Seminar
- Masorti jødedom
- Rabbinical Assembly
- United Synagogue of Conservative Judaism
- Seminario Rabínico Latinoamericano [1]
[endre] Kjende lærarar
- Abraham Joshua Heschel
- Solomon Schechter
- Mordecai Kaplan
- Neil Gillman
- Saul Lieberman
- Joel Roth
- Ismar Schorsch
- Gerson Cohen
- Cyrus Adler
- Louis Ginsberg
- Louis Finkelstein
[endre] Kjente studentar
- Joseph H. Hertz, britisk overrabbinar og forfattar; første uteksaminerte kandidat frå JTS
- Gertrude Himmelfarb
- Midge Decter, konservativ tenkjar
- Judith Hauptman, feministisk talmudisk forskar
- Norman Podhoretz, tidlegare redaktør av Commentary Magazine
[endre] Lenkjer og referansar
- Neil Gillman's book "Conservative Judaism: The New Century" The origin of Conservative Judaism
- Frankel's essay "On changes in Judaism" is on-line at: Frankel's understanding of Judaism
| | This article is based entirely or in part on the article “Jewish Theological Seminary of America” from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License. |

