Jehudít og Holofernes - Safon.org

Jehudít og Holofernes

Frå Safon.org

Jump to: navigation, search

Ḥanukká

Ḥanukkijjá med menoráform i massing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antijjokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning

Songar:
Hannerót hallálu
S: Hazeremos una merenda · Mi ze jemallél · Ocho candelicas
A: Channeke, oi channeke · Mangóz ṣur · Mi jemallél · O, ir kleine lichtelech · Sevivón

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borecas · semulepudding
A: latkes

Historia om Jehudít (Judith) og Holofernes finn vi i Judits bok. Den assyriske generalen Holofernes vart sendt til Jehudá (Judea) for å okkupere landet og innlemme det i Assyria. Da troppane hans beleira Betuljá, ein liten by rett ved Jerúsjalájim, kom enkja Jehudít opp med ein idé: Ho oppsøkte Holofernes og sjarmerte han slik at han inviterte henne til teltet sitt. Jehudít hadde med seg ost som ho gav honom til å eta, og da han vart tørst, gav ho honom vin til å sløkkje tørsten med. General Holofernes vart noko påsegla, og somna der han låg. Da tok Jehudít sverdet hans og kappa hovudet av honom. Da assyrarane fikk høre at Jehudít hadde teke livet av generalen deira, flykta dei derifrå.

Denne hendinga fann stad fleire hundre år føre makkabearopprøret, men kom i mellomalderen til å bli sett i samanhang med det. Ei utbreidd misforståing var at Jehudít var dottera åt Jehudá Hammakkabí (Judas Makkabeus), og at Holofernes var ein syrisk representant for det hellenske regimet under Antiokhos IV.

Kor det enn heng saman, så er det vanleg skikk blant sefardiske og mizraḥiske jødar, og delvis òg blant asjkenaziske jødar, å minnast Jehudít sitt heltemot med å servere mjølkemat under ḥanukká.

Personlege verktøy