Jappe Ippes
Frå Safon.org
Jappe Ippes (ca 1655–1720) var ein frisiskfødd tømmerhandlar frå Trondhjem (no Trondheim) som slo seg ned i Linvågen på Tustna mot slutten av 1680-åra. Den 11. august 1691 fekk han kongeleg bevilling for å drive kleppfisktørking i området med 10 års monopol og for å drive direkte eksport frå Fosna (det noverande Kristiansund). Han sette i gang kleppfisktørking i stor målestokk, og i 1699 vart det utskipa 175 tonn kleppfisk frå Fosna. Etter kvart møtte han så mykje motgang at han kom i økonomiske vanskar. I 1712 vart konkursbuet oppgjort, og futen Fredrik Christian Munch, som fungerte som bubestyrar, greidde å sno det til slik at han sjølv fekk eigedomsrett til Linvåggarden. Jappe Ippes, som da hadde budd i Svensvika sidan 1709, forlét da Tustna og flytta til Trondheim. Med dette pionerprosjektet sitt blir han rekna som grunnleggaren av kleppfiskindustrien på Nordmør og i Noreg.
[endre] Kjelder
- Brevik, Arnstein: «Jappe Ippes i Kråksundet : opphavet til norsk klippfisktradisjon», i Tu Aurgjelda 12 (2007), s. 30–33.
