Jom tób
Frå Safon.org
Jom tób (hebr. יוֹם טוֹב; pl. jamím tobím) er eit halakhisk omgrep for ein helgedag med arbeidsforbod. Arbeidsforbodet på ein jom tób som ikkje fell på sjabbát er i dei fleste falla mildare enn arbeidsforbodet på sjabbát. (Unntaket er kippúr — sjå der.)
Innhaldsliste |
[endre] Kva dagar er jamím tobím?
- 1. dag av pesaḥ (alle grupper)
- 2. dag av pesaḥ (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 7. dag av pesaḥ (alle grupper)
- 8. dag av pesaḥ (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 1. dag av sjabungót (alle grupper)
- 2. dag av sjabungót (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 1. dag av rosj hasjaná (alle grupper)
- 2. dag av rosj hasjaná (all tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom både i og utanfor Israel)
- Kippúr (berre éin dag i alle grupper; merk at kippúr fell i ein strengare kategori enn andre jamím tobím)
- 1. dag av sukkót (alle grupper)
- 2. dag av sukkót (tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
- 8. dag av sukkót, eller «sjeminí ngaṣéret» (gjeld òg som simḥàt Torá utanfor Israel)
- 2. dag av sjeminí ngaṣéret, eller simḥàt Torá (i tradisjonell, masorti og ortodoks rabbinsk jødedom utanom Israel)
Merk at ḥol hammongéd (romhelga av pesaḥ og sukkót ikkje blir rekna som jamím tobím. Fastedagar blir, med unntak av kippúr, ikkje rekna som jamím tobím.
[endre] Halakhót (føreskrifter) for jom tób
[endre] Eld
Medan det på sjabbát er forbode å gjera opp eld eller overføre eld i noka form, er det på jom tób tillate å overføre eld.
[endre] Elektrisitet
[endre] Matlaging
Det er tillate å koke mat for bruk på jom tób. Det er derimot ikkje tillate å laga mat for sjabbát anna enn å fortsette med det når ein allereie hadde begynt med det føre jom tób. Sidan ein nokre gonger kan ha to fulle dagar med jom tób føre sjabbát, har skikken utvikla seg å laga to enkle matretter for sjabbát føre jom tób begynner. Ein gjer så ritualet ngerúb tabsjilín-ritualet over desse to matrettene.
[endre] Variantar av ordet
Sefardím: Blant portugisarjødar, algirske jødar og syriske jødar er uttalen jom tób. Marokkanske jødar og osmanske sefardím seier som regel jom tóv, og dette er òg forma som blir bruka i moderne israelsk hebraisk.
Asjkenazím: På formell asjkenazisk hebraisk er uttalen jaum tauv (Tyskland), joum touv (Galicia og sentral-Polen), joim toiv (austlege Polen og Russland) eller jöim töiv (Litauen og Latvia). På jiddisch er uttalen jontev eller jontef.
